Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellykka onnadag, i år og!

Elinor Bolme Onsdag 24. juni 2015

Dagens onnadag på Surnadal sjukeheim vart ein suksess i år også. Dette er andre året på rad at rehabiliteringsavdelinga og dagsenter arrangerer denne dagen, og Ingvild Kårvatn kunne fornøgd konstatere at det vart retteleg bra i år også. Her var brukarar både frå Surnadal Dagsenter, bebuarar frå omsorgsbustadene og pasientar ved sjukeheimen inviterte til sosialt samvær i litt andre rammer enn til dagleg.

Dei tilsette i arrangørkomiteen var for anledninga antrukne i gammaldagse antrekk, som fekk besøkande til retteleg å føle seg delaktig på onnadag. Dei hadde også fått tilkjøyrd eit hengarlass med gras som dei hesja med. Og då vart det retteleg fart i dei frammøtte kunne Ingvild Kårvatn fortelje. -Vi måtte fint berre lage to hesjer, slik at alle fekk bli med. Dagsenteret stilte med diverse heimlaga ting for salg, pluss at det var muligheit til å kjøpe seg både onnasaft av rabarbra, bålkaffe, ostekake og nystekte sveler.

Gøran Bolme i iTrollheimen varta opp med gitarspelling og visesong undervegs. Onnadagen fekk også besøk frå lokale barnehagar og dei venta i tillegg SFO ungar utover ettermiddagen.

Ellers hadde dei fått lånt dyr frå heile kommunen gjennom sine kontaktar. Her var både kattungar, hundekvalpar, høner, geiter, sauer, hest, kalv og ein ponni dei sente opp i 2. etg med heis. Var jo sjølvsagt at alle måtte få helse på Idefix ein slik dag!

Underr er eit fotogalleri frå onnadagen 2015. Alle foto ELinorB

Publisert: 24. juni 2015, 18:43