Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2015

Vi fann 84 artiklar i dette arkivet.


Ny målardugnad på torsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2015

Redskapshuset på Bordholmen skal få eit nytt målingsstrøk. Dugnadsgjengen hadde første samling tysdag kveld, der 5 personar møtte. Litt regnvêr gjorde at det ikkje var tilrådeleg med noko målararbeid, men gjengen tok fatt på skråpejobben som vart på det næraste ferdigstillt. Torsdag frå kl 17 blir det ny dugnadskveld, og Gudmund Kvendset håpar at det da kjem bra med mannskap, slik at det blir litt fart i målararbeidet.


Historisk vandring på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2015

2. pinsedag inviterte Todalen historielag til historisk vandring på Kårvatn. Dei hadde hyra inn Gudmund Kårvatn som guide, og han hadde mykje å fortelje om både gardshistorie, samferdselshistorie og turismen i historisk perspektiv. Turen starta ved «Vandraren» framfor butikken og gikk gjennom gardstunet og innover til Sommarfjøsvollen før vi svinga i retning Nauståfossen og attende til Kårvatn. Eit 50-tals deltakarar hadde møtt fram for å delta.


Luftig tur frå Storfjellet til Kårvatn

Elinor Bolme Måndag 25. mai 2015

Ikkje alle er like oppfinnsomme for å ta seg fram til låvebutikken for å få seg ein kaffekopp hos Gudmund Kårvatn. Rune Gjeldnes er ein av dei som ankom litt utanom vanleg allfarveg sist veke. Han tok seg opp på Storfjellet til fots og på ski det siste stykket, for så å sette utfor kanten med ein speedsraider.


Målardugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mai 2015

Tysdag kveld blir det målardugnad på Bordholmen, melder Gudmund Kvendset i anleggskomiteen i T.I.L. Det er reiskapshuset som har fått eit facelift med ny bordkledning på vêrveggen, og no skal heile huset få eit strøk med måling. Dugnaden startar kl 17 – og sjølvsagt blir det dugnadskaffe.


Saman med 1500 på traktorpulling

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mai 2015

Dieselrøyk og brummende dieselmotorar vekker liksom gutongen i deg. Søndag var det høve til å få ei stor dose av begge deler, da det var stor konkurranse i traktorpulling ved Stornaustet på Halsanaustan. 1500 tilskuarar, eller skal vi heller kalle det entusiastar, kom for å sjå – og høre. Det er mesta like mange som det er innbyggjarar i Halsa kommune. og dei frammøtte fikk valuta for pengane.


Medlemsmøte i Surnadal Senterparti

Elinor Bolme Måndag 25. mai 2015

Ondag 27. mai inviterer Surnadal Senterparti til medlemsmøte i kommunestyresalen kl 19.30. Temaet for mötet er valgprogram 2015.


28 dører seinare…

Elinor Bolme Sundag 24. mai 2015

I går tromma nokre sanitetsdamer samman til dugnad i Sanitetshuset. Den ytterste leiligheta som no står ledig igjen er under renovering med utskiftning av kjøkken. I den anledning har det samtidig vorte bestemt at alle leilighetene samt møterommet skulle få nye innerdører, heile 28 i talet. Carina Talgø har vore prosjektør på kjøkkenoppussinga, og fekk laurdag god hjelp frå fleire til dørskifte.


Er det hybridbilar som er framtida?

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mai 2015

Denne veka måtte bilen innom bilverksted for å få ei lita «oppgradering», og fikk da høve til å prøve den nye VW Golf GTE medan min eigen bil stod på bukken. Dette er ein hybridbil – det vil seie at den har både bensinmotor og el-motor med ladbart batteri. Det var ei arti sak og den husholderte godt med energien, og var det straum på batteriet så gikk den på straum og når det gikk tom – eller det var for lite krefter, så kobla den inn bensinmotoren


Bord som tåler ein trøkk

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mai 2015

I Amfisentret i Surnadal trefte vi fredag ein kjent snekkar i aksjon – Gunnar Nordvik har dei siste par dagane jobba med ny uteplass for butikksentret. Det er laga terrasse med eit par rundbord og eit solid langbord med tilhørande benk. Her kan du trygt slå i bordet uten frykt for å øydelegge bordet i allfall….


Reknar med mykje folk på traktorpulling

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mai 2015

Det blir i år rekorddeltaking for traktorpulling på Halsanaustan søndag. 35 traktorar er påmeldt, med stor variasjon i størrelse og hestekrefter – 75 hk frå lokalt hald, medan langveisfarande kjem med traktorar på rundt 1000 hk. Det store spenningsmomentet er sjølvsagt vêret, men akkurat no ser det ut til å bli bra, seier Gunnar K. røe som er leiar for arrangementet på Halsa.


…også på visitt i Todalen!

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mai 2015

Driva.no referer til utanlandske «dørselgarar» som har vore aktive i fleire grender rundt om i kommunen. Torsdag kveld var denne bilen også observert i Todalen, og det er etter kvart kome for dagen at det er mange som har hatt besøk på døra. Mellom anna er bilen observert på Kvennset så seint som rett før kl 23 – der den samla opp folk som har vore aktive.


Villmarkskokk: Kirsten Winge kjem til arboretet

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mai 2015

Kirsten Winge – biolog, villmarkskokk og kokebokforfattar kjem til Svinvika arboret søndag 24. mai kl 13.00. Ho held foredrag – med bilder – om mat vi finn i skogen, og tek for seg gode og kortreiste råstoff som vi haustar frå naturen. – Bær, sopp, vekster, vilt, fisk for å nevne noko.