Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for november, 2013

Vi fann 57 artiklar i dette arkivet.

Side 5 av 512345

Tur  til  verdens  beste  butikk  –  Matkroken  i  Todalen

Tur til verdens beste butikk – Matkroken i Todalen

Jon Olav Ørsal Fredag 8. november 2013

Matkroken L.Hals har «Handle heime»-aksjon denne veka. I det høvet har 1.-4. klasse ved Todalen oppvekstsenter teke turen for å sjå på butikken. Etterpå har dei sendt oss mange bilder og litt tekst som e-post: Dei skriv: » I dag fòr vi til butikken for å vise at vi er glad i butikken vår. Butikken heiter Matkroken. Vi tok med teikningar. Vi gav teikningane til Terje. Vi fekk smultringar og brus. 1. og 2. klassen teikna frukt og grønsaker som låg i hyllene. 3. og 4. klassen fann prisane på brød, smør og pålegg. Vi tok bilete saman med butikksjef Terje og kassadama Marit. Vi er glad i butikken fordi:

Les heile saka

Klar  tale  på  næringslivsmøte….

Klar tale på næringslivsmøte….

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. november 2013

Onsdag kveld var næringslivsledarar fra Sunndal og Surnadal samla til felles samarbeidsmøte i Surnadal. Det var næringsforeningane i dei to kommunane, saman med Sunndal og Surnadal kommune hadde invitert til samarbeid på tvers av kommunegrensene. Formålet med møtet var å stimulere til større samarbeid når det gjelder samferdsel og felles arbeidsmarknad, der tverrfjordleg forbinding naturlig nok var eit sentralt tema. Talgøsjef Terje Talgø ville gå eit skritt lenger, og foreslo like godt å slå sammen dei to kommunane.

Les heile saka

Todalen.no i ny drakt

Ole Petter Talgø Torsdag 7. november 2013

Du ser kanskje noko nytt no? Noko uvant? Ikkje fortvil, du er komme til Todalen.no. No har vi endeleg fått oppdatert både designet og publiseringssystemet til Todalen.no. Det er over fire år sidan vi lanserte Todalen.no, før vi visste kva ein iPad var og før vi sjekka lokalnyheter på mobilen på bussen. Det var på tide å få Todalen.no klar for den nye tiden.


Oktober på det jamne…

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. november 2013

Samanlikna med oktober i fjor har vi i år hatt reine mildvêret. Man samanlikna med fleire år attover, har vi nok hatt ein oktobermånad på det jamne. Jon bruset har oppsummert temperaturmålingane han har gjort heime på Småhjellan, og kan konkluderer med at oktober har vore tilnærma «normal» temperaturmessig. I år var det 8 døgn i oktober med minimumstemperatur under null, med – 3,8 som kaldast. Høgaste temperatur som vart målt er +15,0 grader.


Trimmarane fekk opp stimen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. november 2013

Det var full guffe både på barneleiken og på gubbetrimmen tysdag kveld. Det hadde vært plass til fleire, men dei saom var der kosa seg med ballaktivitetar, og det var ingen problem med å få opp stimen hverken for gammele eller ung. Kvar tysdag startar nemle kvelden med aktivitet for dei yngre, medan det fortsett etterpå med gubbetrim. Og da er det på livet laust, og kamp om ballen skal du tru!


Kvinner i politikken – hadde det nokon betydning?

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. november 2013

Pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal minnest da kvinnene kom med i politikken. Som kjent fekk kvinnene allmenn stemmerett i 1913, men det var først lenge etter 2.verdskrigen, på 1970-80-90-talet – at kvinner slapp til i kommunestyra utover landet. Slik var det også på Indre Nordmøre. På møte i Indre Nordmøre senioruniversitet 13. november vil kvinnelege pionerar frå Rindal, Halsa og Surnadal samtale – med Eivind Hasle.


Handle  heime  –  fellesaksjon  for  nærbutikkane

Handle heime – fellesaksjon for nærbutikkane

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2013

Denne veka trør kommunal- og regionaldepartementet igang ein aksjon for nærbutikkane. Gjennom Merkurprogrammet kjører dei i gang tiltak for at folk skal ta helgehandelen heime – der dei bur. Aksjonen går over heile landet, men er spesielt mynta på bygder og grender som slit med folketalet og har problem med å bevare butikken og skulen sin. Matkroken L. Hals er ein slik «sistebutikk», og dei er med på denne aksjonen, fortel Terje Nordvik til Todalen.no.

Les heile saka

Hallarampen  vart  rikskjendis  på  P4

Hallarampen vart rikskjendis på P4

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2013

Vår omtale av Hallarampen for ei tid tilbake, gjorde at den vart rikskjendis. Innvielsen vart behørig omtal i P4-programmet Misjonen sist fredag 1. november. Har du lyst til å høre omtalen er det berre å klikke på linken til P4 og spole fram til 38:00, så kjem du direkte inn i programmet.

Les heile saka

Start  4H  med  tradisjonell  haustfest

Start 4H med tradisjonell haustfest

Jon Olav Ørsal Sundag 3. november 2013

Haustfesta markerer sesongslutt for 4H-arbeidet. Da er det tid for å skrive rapport etter at oppgåvene som medlemane har valt er gjorde ferdig, og på haustfesta må det lagast utstilling og leggjast fram rapporten. Det var i år 11 deltakarar som har fullført oppgåva, og det var imponerande å sjå kor mykje arbeid som den enkelte medlem hadde lagt i oppgåvene og utstillingane. Det var eit stort utval i oppgåver, og medan nokre hadde eigne oppgåver hadde andre valt å samarbeide om oppgåvene.

Les heile saka

Side 5 av 512345