Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klar tale på næringslivsmøte….

Klar tale på næringslivsmøte….

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. november 2013

Onsdag kveld var næringslivsledarar fra Sunndal og Surnadal samla til felles samarbeidsmøte i Surnadal. Det var næringsforeningane i dei to kommunane, saman med Sunndal og Surnadal kommune hadde invitert til samarbeid på tvers av kommunegrensene. Formålet med møtet var å stimulere til større samarbeid når det gjelder samferdsel og felles arbeidsmarknad, der tverrfjordleg forbinding naturlig nok var eit sentralt tema. Talgøsjef  Terje Talgø ville gå eit skritt lenger, og foreslo like godt å slå sammen dei to kommunane.

Det begrunna han med at den nye regjeringa har kommunesamanslåing på sin dagsorden, og at ein difor bør være føre var og starte dette arbeidet lokalt. Dette budskapet hadde klar adresse til dei to ordførarane i salen.

Du kan lese meir om samarbeidsmøtet på nettsidene til Driva og Tidens Krav, og etter kvart i papirutgåvene også.

Publisert: 7. november 2013, 11:46