Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimmarane fekk opp stimen…

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. november 2013

Det var full guffe både på barneleiken og på gubbetrimmen tysdag kveld. Det hadde vært plass til fleire, men dei saom var der kosa seg med ballaktivitetar, og det var ingen problem med å få opp stimen hverken for gammele eller ung. Kvar tysdag startar nemle kvelden med aktivitet for dei yngre, medan det fortsett etterpå med gubbetrim. Og da er det på livet laust, og kamp om ballen skal du tru!

Deltakarar på barneleiken: frå ventre Ingebrigt, Karoline og Sindre. I "buret" sitt Martin.

Deltakarar på barneleiken: frå ventre Ingebrigt, Karoline og Sindre. I «buret» sitt Martin.

Knut Bergli er ein av dei som er primus motor, saman med Ola Kvendset. Dei fortel at det var fleire deltakarar første kvelden både på barne- og gubbetrimmen. No håpar dei sjølvsagt at det skal bli betre til neste tysdag, og dei oppfordrar alle til å bli med på gubbetrim. Det er både artig, og det gjør så godt!

Trimkveldane på tysdagar starta med barneleik for born opp til 3. klasse i tidsrommet 18-19. Deretter vil ein fortsette same aktiviteten for 4-8 klasse (og eldre)  i tidrommet 19-20. Så rundar ein av kvelden med “Gubbetrim” frå kl 20 og utover kvelden.

Klar til dyst, Kvennsetgarn mot resten!. Attafor Steinar, Frode, Ola og Knut. Framfor Kristoffer.Knut sørger for skikkeleg lufttrøkk i ballen. Foto: Jon Olav Ørsal

Klar til dyst, Kvennsetgarn mot resten!. Attafor Steinar, Frode, Ola og Knut. Framfor Kristoffer.Knut sørger for skikkeleg lufttrøkk i ballen. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 5. november 2013, 23:44 - Sist oppdatert: 6. november 2013, 23:58