Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oktober på det jamne…

Jon Olav Ørsal Onsdag 6. november 2013

Samanlikna med oktober i fjor har vi i år hatt reine mildvêret. Man samanlikna med fleire år attover, har vi nok hatt ein oktobermånad på det jamne. Jon bruset har oppsummert temperaturmålingane han har gjort heime på Småhjellan, og kan konkluderer med at oktober har vore tilnærma «normal» temperaturmessig. I år var det 8 døgn i oktober med minimumstemperatur under null, med – 3,8 som kaldast. Høgaste temperatur som vart målt er +15,0 grader.

Varmerekorden for oktober er frå 11. oktober i 2005, da det vart målt behagelege + 25,6 grader. Oktober i fjor var av dei kaldaste månadane sia Jon starta målingane på Småhjellan i 1990. Da var det 12 døgn med minusgrader i oktober, der – 9,9 grader var lågaste minimumstemperatur. Det er kaldaste oktoberdagen som er registrert på Småhjllan. Høgaste temperatur i oktober 2012 var + 16,4 grader.
I skrivande stund onsdag kveld er det eit par minusgrader, men vêrmeldinga på YR.NO melder om mildare vêr alt frå torsdag og utover. Meldingane går vidare ut på regn som går over i sludd og kanskje nokre sluddbygen utover i neste veke.

Publisert: 6. november 2013, 20:57