Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for oktober, 2013

Vi fann 62 artiklar i dette arkivet.

Side 4 av 6« Første...23456

Klare  for  Prisfest

Klare for Prisfest

Elinor Bolme Tysdag 15. oktober 2013

I dag er det akkurat 2 månader sidan den nyaste butikken i AMFI Surnadal åpna. Nesten kun av og med todalingar. Ingrid Pedersen tok sats og ordna sin eigen arbeidsplass med klesbutikken Wenju, etter at ho vart arbeidsledig da den tidlegare arbeidsplassen Mandarin gjekk konkurs. No, 2 månader og ein del spenning seinare, kan ho konstatere at det går over all forventning.

Les heile saka

Ny  julemesse

Ny julemesse

Elinor Bolme Måndag 14. oktober 2013

I fjor vart det arrangert ei lita julemesse i Sanitetshuset. Dette vart rimeleg populært med godt besøk, og fjordårets arrangørar tek derfor sjansen på å dra i gang messe i år også. Denne gongen er lokala utbytta til det litt større, slik at fleire som kanskje kunne tenkt seg å vere med, kan melde seg på mot ei lita deltakaravgift.

Les heile saka

Dalavegen  stengt  på  dagtid  –  oppdatert

Dalavegen stengt på dagtid – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 14. oktober 2013

Dalavegen vil halde stengt nokre dagar til. Det står ennå att litt oppfyllingsarbeid ved Vassosen, og dette arbeidet fortsett måndag og utover veka. Det er noe fyllt opp ca 1/4, av strekninga ved Vassosen, og Gunnar Bøe ved Surnadal kommune reknar med at oppfyllinga er ferdig til komande helg. Da vil vegen bli opna for trafikk på dagtid igjen, men framleis kan det bli litt venting for å koma gjennom.

Les heile saka

Hjortfesta  2013  blir  laurdag  7.  desember

Hjortfesta 2013 blir laurdag 7. desember

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. oktober 2013

Det er no klart at den tradisjonelle hjortfesta blir arrangert laurdag 7. desember. Det skjer i Todalen ungdomshus, og det er i år Talgø og Kårvatn jaktlag som er vertskap for arrangementet. Ragnar Halle fortel at jaktlaget alt no er i gang med programmet, og det kan nok settast store forventningar både til meny og program. Dette kjem vi attende til med meir informasjon etter kvart.

Les heile saka

Det  var  tiur  det  lukta….

Det var tiur det lukta….

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. oktober 2013

Jakt av alle slag er favoritthobbyen til Kristoffer Nordvik. No som han ventar på militærtjeneste etter nyttår, har han hatt rikeleg med tid til denne hobbyen utover hausten. Det har gjeve resultat, og vi har vist bilder både frå rypejakta på tidlegare i haust og frå elgjakta i uka som gjekk. Vel heime frå elgjakta i Trøndelag, bar det til skogs for å prøve storfugljakta. Han hadde gjennom heile hausten hatt kontakt med fugl i området ved Fauskhjellen og utover mot Ansnessetra, men aldri rukket å skyte.

Les heile saka

Kårvatn:  –  Innspurt  på  salget  og  nogo  attåt

Kårvatn: – Innspurt på salget og nogo attåt

Jon Olav Ørsal Fredag 11. oktober 2013

Dalavegen har vore delvis stengt denne veka, men er forlengst opna for helgetrafikk. Kårvatn fjellutstyr fortsett difor salget med full tyngde på laurdag 12. oktober, med open butikk frå kl 10 – 16. Laurdag blir det atter open Cafe, der du kan nyte litjsøsters gulrotkake eller bakels & dalagraut til kaffe og ingfærte.

Les heile saka

Stavgang:  –  Denne  gongen  til  Nestua  Torvik

Stavgang: – Denne gongen til Nestua Torvik

Vidar Sogge Fredag 11. oktober 2013

Torsdag den 10. oktober besøkte Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag Randi Lysø i Nestua Torvik. Medan halvparten av gruppa la i veg utover forbi Fyrlykta, var Randi turleiar for oss andre og viste veg opp til Storhaugen, ein utsiktsplass knapt tre kvarters gange opp for gardane i Torvik.

Les heile saka

Vegarbeidet  fortsett  på  Dalavegen  i  neste  veke

Vegarbeidet fortsett på Dalavegen i neste veke

Jon Olav Ørsal Torsdag 10. oktober 2013

Arbeidet med Dalavegen er kome langt, men det står enno att ein del oppfylling. det meste av fyllingsarbeidet ved Storenghølen er unnagjort, så her er det stort sett berre finpussen som står att. Ved Vassosen er vegen no ferdig utvida i breidda, men det står att ein god del oppfylling. Dette arbeidet vil forsette i neste veke, og difor blir vegen stengt på dagtid i neste veke også, fortel Per E. Gjeldnes ved Gjeldnes Maskin som har dette prosjektet.

Les heile saka

Stem  på  månadens  bilete  for  september

Stem på månadens bilete for september

Ole Petter Talgø Torsdag 10. oktober 2013

Med haustvêr og vegforbindelse kan livet i Todalen byrje å vende tilbake til normalen etter en innhaldsrik sommar. Ny månad er kome og det betyr ny avstemning på bidrag frå dagens bilete.

Les heile saka

Sikringsarbeidet  er  godt  i  gang

Sikringsarbeidet er godt i gang

Elinor Bolme Torsdag 10. oktober 2013

Betongrenovering AS er nok ein gong ankommet Todalen, denne gongen for å starte sikringsarbeidet forbi rasstaden uti stranda. Firmaet frå Bjerkvik er no godt i gang med montering av eit 100 meter langt fanggjerde på 5000 kJ. Til samanlikning kan det nemnast at fanggjerdet som samme mannskap sette opp i Oppdølsstranda tek «berre» 3000 kJ.

Les heile saka

Kjentfolk  i  «Ingen  grenser»

Kjentfolk i «Ingen grenser»

Elinor Bolme Tysdag 8. oktober 2013

Høst, grisevêr, og nye serier på dei ulike fjernsynskanalane er fellestrekk i denne tida. Fleire av seriane som dei ulike kanalane sender er gjengangarar, ofte i sjangeren reality. Da er det alltid spennande å sjå om det er kjentfolk med. Og denne hausten er det nok fleire i både Surnadal og Todalen som følgjer med den tøffe gjengen i «Ingen grenser» på TV2 ettersom Camilla Rambø, med røtter frå Surnadal, og ikkje minst tidlegare busett i Todalen, er med.

Les heile saka

FRI  FERDSEL!!!!

FRI FERDSEL!!!!

Elinor Bolme Tysdag 8. oktober 2013

Da kan vi meddele at vegen inn til Todalen, forbi rassraden no er åpna for fri ferdsel heile døgnet, utan nevneverdig ventetid. Denne gladnyheita er det Nils Erling Skålvik i Statens Vegvesen som meddeler oss på telefon frå rasstaden. Han er i området i dag fordi Betongrenovering er venta med ei kjempestor kran for å starte med sikringsarbeidet i rasområdet.

Les heile saka

Side 4 av 6« Første...23456