Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjentfolk i «Ingen grenser»

Kjentfolk i «Ingen grenser»

Elinor Bolme Tysdag 8. oktober 2013

Høst, grisevêr, og nye serier på dei ulike fjernsynskanalane er fellestrekk i denne tida. Fleire av seriane som dei ulike kanalane sender er gjengangarar, ofte i sjangeren reality. Da er det alltid spennande å sjå om det er kjentfolk med. Og denne hausten er det nok fleire i både Surnadal og Todalen som følgjer med den tøffe gjengen i «Ingen grenser» på TV2 ettersom Camilla Rambø, med røtter frå Surnadal, og ikkje minst tidlegare busett i Todalen, er med.

Ho er ein av dei 11 deltakarane som er med i den populære TV-2 sendte serien, der Odd-Bjørn Hjelmeset er programleiar denne sesongen. Dei ulike deltakarane har forskjellige funksjonshemmingar og Camilla har lidniga Revmatisme RA (reumatoid artritt). Ho meldte seg på i følge TV2 først og fremst på grunn av opplevelsen, men også for å bli kjent med nye folk og bli kjent med sin eigen funksjonsnedsettelse.

Til daglig er ho å finne som adjunkt ved matfaglinja på Røros videregående skole. For dei som kjenner Camilla er det nok naturleg å tru at ho garantert vil spre humør i gruppa med si positive innstilling og slåande kommentarar, samt å bidra med det meste for at alle kjem seg lengst muleg.

Todalingane heiar på henne onsdagar kl 20 på TV2!!  Lykke til.

Les meir om serien på TV2

Publisert: 8. oktober 2013, 20:46