Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Det var tiur det lukta….

Det var tiur det lukta….

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. oktober 2013

Jakt av alle slag er favoritthobbyen til Kristoffer Nordvik. No som han ventar på militærtjeneste etter nyttår, har han hatt rikeleg med tid til denne hobbyen utover hausten. Det har gjeve resultat, og vi har vist bilder både frå rypejakta på tidlegare i haust og frå elgjakta i uka som gjekk. Vel heime frå elgjakta i Trøndelag, bar det til skogs for å prøve storfugljakta. Han hadde gjennom heile hausten hatt kontakt med fugl i området ved Fauskhjellen og utover mot Ansnessetra, men aldri rukket å skyte.

Men torsdag vart det fulltreff på tiuren litt ovafor Fauskhjellen. Det starta ut to tiurar like ved Kristoffer, og den eine var litt treg i starten. – Det vart hans bane, for ein fulltreffar sendte tiuren til dei evige jaktmarker.  Tiuren skal få evig liv heime på Todalsøra, for den skal nemleg stoppast ut som ein minne om den første tiuren for Kristoffer. Tiuren var 4,5 kg da den kom på vekta.

Publisert: 12. oktober 2013, 10:30