Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juni, 2013

Vi fann 60 artiklar i dette arkivet.

Side 3 av 512345

Siloslåtten  –  innahaustinga  i  gang

Siloslåtten – innahaustinga i gang

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2013

Siloslåtten er komen i full gang. Dei første starta alt i helga, men no er nok dei fleste i gang med førsteslåtten i Todalen. Ledar for Todalen Bondelag, Ståle Ansnes, fortel at det stort sett er bra avlingar rundt bygda. Enkelte har nok reduserte avlingar på grunn av isbrann, og det er variasjonar mellom gamle og nye ekrer også. Vinteren har nok vore hard for enkelte grasslag, og det går fort ut over avlingane.

Les heile saka

Siste  dans  med  «Surnadals  hyllest  til  Pink  Floyd»  på  Laksefestivalen

Siste dans med «Surnadals hyllest til Pink Floyd» på Laksefestivalen

Rune Dalager Tysdag 18. juni 2013

Ensemblet bak vinterens store Pink Floyd-prosjekt på Kulturhuset i Surnadal er nå klare for en siste runde med suksesskonserten. Dette skjer på Lakefestivalens utescene på Skei fredag 21 juni. Ensemblet er hyret inn av Norsk Laksefestival til å være hovedband denne kvelden. De 15 musikerne, -som utelukkende består av musikere og vokalister fra Surnadal, skal nå flytte det 16 låter lange og storslagne Pink Floyd-showet, som før har vært framført innendørs i Storstuå i Surnadal Kulturhus og i Braatthallen i Kristiansund ut i friluft og sommervarme.

Les heile saka

Månadens  bilete:  Hipp  hipp  hurraaa!

Månadens bilete: Hipp hipp hurraaa!

Ole Petter Talgø Tysdag 18. juni 2013

Da er enda ei avstemning av månadens bilete er ferdig, og denne gongen kan vi gratulere Ingvild Stensby med biletet «Hipp hipp hurraaa» som vinnar av månadens termos. Det var bare nokre få stemmer som skilte dette biletet og Stemningsfull vårkveld, av Ingri Bruset.

Les heile saka

Venner  for  livet

Venner for livet

Elinor Bolme Tysdag 18. juni 2013

I går kveld var gymsalen ved Todalen Oppvekstsenter fullsatt av foreldre, søsken og besteforeldre som spent ville få med seg elevanes program for skuleavslutninga etter skuleåret 2012/13. Eit skuleår som det på førehand var knytta stor spenning til ettersom elevane frå Stangvik oppvekstsenter måtte til Todalen under renoveringa av Stangvik Oppvekstsenter.

Les heile saka

Ålvundfjorddagan  for  10.  gong

Ålvundfjorddagan for 10. gong

Jon Olav Ørsal Måndag 17. juni 2013

Juni er en travel månad med mange kultur- og sportsarramgement rundt om kring på indre Nordmøre. Vi i Todalen.no prøvar på ingen måte å få med oss alt, for det har vi mange andre og meir ressurssterke media som dekkjer. Men vi var ein tur i nabobygda Ålvundfjord og fikke med oss laurdagens fotballturnering på Ålvundfjord stadion. Mykje artig fotball og eit fint arrangement som vi har ein bildekavalkade frå.

Les heile saka

Dei  to  første  laksane  på  land

Dei to første laksane på land

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Dei to første laksane er komne på land i Toåa. Den første var det tor lerstang som tok, i år som i fjor, og det var eit fint eksemplar av ein villaks på 7,5 kg. Den vart teken på Ramsøy-valdet. Men ein god nummer to vart Bjørn Anthony frå Vågland, som tok ein laks på 5,8 kg ved Lakssteinen frå Djupdalssia.

Les heile saka

På  tide  å  finne  fram  lopper….

På tide å finne fram lopper….

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Todalsdagen nærar seg med stormskritt! Laurdag 29. juni er det kalrt for nytt Todalsdag-arrangement, og planlegginga har no pågått lenge i Todalen idrettslag. Loppekomiteen har alt starta innsamling av nye lopper, for loppemarknad høyrer sjølvsagt med som ein del av todalsdag-arrangementet. Dei er interessert i alt muleg (unnateke klær, for det tek saniteten seg av!) av «ting og tang», slik som koppar, kar, gamle bøker og andre ting du har til overs.

Les heile saka

Ute  av  drift  nokre  timar  laurdag….

Ute av drift nokre timar laurdag….

Jon Olav Ørsal Sundag 16. juni 2013

Nettsida var ute av drift nokre timar laurdag. Serverproblem var nok årsaka til at det ikkje gikk an å kome inn frå ca kl 10 og utover dagen til 19-tida. Var du ein av dei som forgjeves prøvde å kome inn på Todalen.no i dette tidsrommet så vil vi beklage det, og håper og trur […]


Pengegåve  frå  Surnadal  Sparebank

Pengegåve frå Surnadal Sparebank

Elinor Bolme Laurdag 15. juni 2013

Torsdag kveld inviterte Ski- og friidrettsgruppa til avslutning på vårens lagseriestevne. Det vart flytta frå Bordholmen og opp til den nye lysløypa på Tjønnmyra. Her hadde Todalen Idrettslag i anledninga fått besøk av to representantar frå Surnadal Sparebank som var ute for å dele ut sponsormidlar til det nye anlegget.

Les heile saka

Klart  for  bading!

Klart for bading!

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

I kvald gikk Hønhalsen av. Dermed er det klart for å starte badesesongen for den som har ønske om det.  Når Hønhalsen går av er det eit gammelt tegn på at sumaren er komen og det var ofte bruka som eit mål på at snøsmeltinga var komen så langt at temperaturen i elvane ikkje lenger […]


Postpensjonister  på  Todalstur….

Postpensjonister på Todalstur….

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

Torsdag benyttet Postpensjonistene på Nordmøre finvêrsdagen til Todalstur. Dei besøkte Svinviks arboret, Todalshytta, Kårvatn og Gammelfabrikken. Fra Torbjørn Flovikholm har vi fått en e-post med noen bilder fra turen som først gikk til Svinviks arboret, med utmerket middag på Todalshytta og kaffe og lefse på Kårvatn.

Les heile saka

Frå  midnatt  er  laksen  «fredlaus»…

Frå midnatt er laksen «fredlaus»…

Jon Olav Ørsal Fredag 14. juni 2013

Ved midnatt startar ny laksesesong i Toåa. Etter regnvêret siste døgn går det i allfall ikkje an å klage på forholda, for det er veldig fin vassføring i elva akkurat no, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no. Vi tok en tur oppom Todalshytta for å lukte på stemninga, og der var det alt tidleg i kveld samla fleire fiskarar som er klare til å kaste ut snøre når vi når midnatt. Nokre er på plass, medan fleire er på veg, kunne vertinne Åse Øyen fortelle.

Les heile saka

Side 3 av 512345