Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for april, 2013

Vi fann 47 artiklar i dette arkivet.

Side 3 av 41234

Torsdag  kl  10  opnes  døra  til  Hageland

Torsdag kl 10 opnes døra til Hageland

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. april 2013

Torsdag kl 10 er det klart for snorkløpping for Hageland, Flisekompaniet og Byggmakker. Etter ein byggeperiode som snart har vart eit år er vi no glad for å sleppe til kundane i dei nye avdelingane, seier May Britt Dyrli som er daglig ledar for heile det nye sentret. Vi er godt nøgd med resultatet og vi gler oss sjølvsagt til å vise oss fram for kundane, og vi trur dei blir begeistra, sier ho.

Les heile saka

Slutt  på  sjøisen…

Slutt på sjøisen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. april 2013

Dei siste dagane har sjøinsen fått hard medfart! Jon Bruset har også i dag vore ute på skitur, og har sendt oss eit bilde av restane av årets sjøis. Bildet er teke frå området ved Talgøstorhaugen idag den 17. april.

Les heile saka

Ny  klesinnsamling

Ny klesinnsamling

Elinor Bolme Onsdag 17. april 2013

Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er satt til laurdag 20. april frå kl 10 i Sanitetshuset. Her vil dei ta i mot reine, heile klede, sko, leiker og anna høveleg utstyr som kan komme andre til nytte og glede. Dette […]


Heder  til  bondevenner

Heder til bondevenner

Elinor Bolme Tysdag 16. april 2013

Bondelaga i Todalen og Surnadal delte i går ut utmerkelsar i til enkeltpersonar, lag, og bedrifter i Surnadal. Dette er ein landsomfattande aksjon, der lokale bondelag over heile landet kan utnevne sine eigne bondevenner, til dømes personar som bidreg til å løfte fram matproduksjon og landbrukets betydning for det norske samfunnet, skriv Driva.no.

Les heile saka

Det  vårast

Det vårast

Elinor Bolme Måndag 15. april 2013

Dei siste dagane har temperaturen vist godt over 10 grader og tidvis landvind. Dette har naturleg nok ført til stor is- og snøsmelting med mykje vatn i bekkar og litt utanfor dei naturlege fara. Først på dagen i dag fekk redaksjonen beskjed om at isfårra ved gammelfabrikken held på å sleppe taket. VI var så […]

Les heile saka

Månadens  bilete:  Todalen

Månadens bilete: Todalen

Ole Petter Talgø Måndag 15. april 2013

For mars kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete, med «Todalen» i idylliske farger. Denne månadens avsteming var den mest mest populære vi har att, med nær 300 stemmer, kor 97 av desse gjekk til vinnaren. Finn du nokre vårteikn vil vi gjerne at du deler dei med oss.

Les heile saka

Snart  seriestart

Snart seriestart

Elinor Bolme Måndag 15. april 2013

A-laget til Søya/Todalen er godt i rute foran sesongstarten på Bordholmen 2. mai. Søndag hadde dei treningskamp mot eit ambisiøst juniorlag fra Sokndal på Amfi Park i Surnadal. Søya/Todalen vant komfortabelt 5-1 i en kamp der dei fekk vist at troppen er brei og nivået er høgt. Dette laget vil garantert ta mange poeng i 6.

Les heile saka

30  meter  unna  skredet!

30 meter unna skredet!

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. april 2013

Laurdag kunne det lett ha skjedd ei skredulykke i Skjerdingfjellet. Det var ei guppe på 3 utalandske skituristar som tok seg opp fjellsida som løyste ut skredet, fortel Ola Bruset. Han hadde vært på skitur til Bjøråskaret, da han fekk sjå at det var 3 skituristar på veg opp fjellsida i nærleiken av Skjerdingfjellslåa. Han tykte det såg farleg ut, men dei kom seg velberga opp. Litt etter fekk han høyre eit kraftig smell, og da såg han skredet som kom i stor fart nedover fjellsida.

Les heile saka

Ny  aktivitet:  Fredagsturen

Ny aktivitet: Fredagsturen

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. april 2013

Fredag hadde denne aktiviteten sin premiere. Jorunn Ness fortel at dei er ei uformell gruppe som vil prøve seg med ein aktivitet for å kome seg ut i frisk luft og kanskje attpåtil få litt trim og sosialt samvær. Sist fredag var første gongen dei treftes, og da var det 9 som møtte. Treffplassen var ved Matkroken, og derifrå gikk turen attom fabrikken og nedover til Bordholmen. Vidare nedover til Halsabrua, og oppover etter til Bruvollen, der det var ein kort kaffepause før dei runda av ved utgangpunket på Matkroken.

Les heile saka

Klare  for  Korslaget…

Klare for Korslaget…

Jon Olav Ørsal Fredag 12. april 2013

Nedteljinga til Surnadal Sparebanks korslag er kome inn i sluttfasen. Laurdag ettermiddag kl 17 startar forestillinga i Surnadal Idrettshall, og da skal 120 songarar fordelt på 5 kor på scena. Tre av dei fire deltakarane på Talgø nytta fredag ettermiddag finvêret til å finpusse formen, og riste av seg den siste rest av influensavirus som har herja dei siste par vekene.

Les heile saka

Nyfødde  kvennsetgardingar

Nyfødde kvennsetgardingar

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. april 2013

Sauelamminga er ofte kalla for vårens vakraste eventyr, og det er jammen ikkje langt unna sanninga. Den startar ofte i overgangen mellom vinter og vår, og hos Gudmund Kvendset i Viastua kom dei første lamma i går, da eit trilingpar såg dagens lys. Torsdag kom neste lamming, og jammen vart det trilingar igjen. dei var berre 3 timar gamle da dei hamna på framsida på Todalen.no, og vart altså kjendisar med eing gong.

Les heile saka

Kald  mars  –  men  no  kjem  mildvêret!

Kald mars – men no kjem mildvêret!

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. april 2013

Mars månad har vore ualminneleg kald. Sjølv om det har vore varmegrader på dagtid, så er det berre 3 døgn det ikkje er registrert kuldegrader på den uoffisielle vêrstasjon på Småhjellan, melder Jon Bruset. Heile 9 netter er det registrer lågare temperatur enn minus 10, der natt til 13. mars var kaldast med -13,5 grader. Det varmaste døgnet i mars var den 18. mars, med pluss 6,7 grader.

Les heile saka

Side 3 av 41234