Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Torsdag kl 10 opnes døra til Hageland

Torsdag kl 10 opnes døra til Hageland

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. april 2013

Torsdag kl 10 er det klart for snorkløpping for Hageland, Flisekompaniet og Byggmakker.  Etter ein byggeperiode som snart har vart eit år er vi no glad for å sleppe til kundane i dei nye avdelingane, seier May Britt Dyrli som er daglig ledar for heile det nye sentret.  Vi er godt nøgd med resultatet og vi gler oss sjølvsagt til å vise oss fram for kundane, og vi trur dei blir begeistra, sier ho.

Det har aldri tidlegare vore satsa ordentleg på flis og hageutstyr i Surnadal og vi trur at både Flisekompaniet og Hagelandsatsinga kjem til rett tid, seier ho. Den seine våren gjer at busker og trær, og uteplanter enno ikkje er komne på plass, men det skal no skje i god tid før tida er komen for utplanting. Det er enno godt med tele i jorda, så ute vi må nok vente ei stund enno. Men vêrgudane lovar mildvêr i tida framover så det tiner nok etter kvart.

Vi tok ein liten fotorunde, som avslørte stor aktivitet for å få på plass dei siste detaljane. Handverkarane var komne i ryddemodus og etter kvart er det nok klart for kundane til å gjøre sin entre.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. april 2013, 21:02