Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.

Side 2 av 512345

Kanonartigt  å  varra  her!

Kanonartigt å varra her!

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. juli 2012

Med disse orda ønska Eirik Husby velkomen til konsert og plateslepp på Pakkhuset Kro på Todalsøra. Når også finvêret kom i rett tid, instrumenta var stemt og publikum var på plass, da var det klart til å sette i gang med opningsmelodien ”We are in this together”. Og publikum tykte også dette var kanonartigt, og var med frå første strofe, da Husbybrørne Eirik, Lars Olav og Jan Peter hadde plateslepp på EP’n ”Come with me” tysdag kveld.

Les heile saka

Inviterer  til  «Smårettkveld»  på  Todalshytta

Inviterer til «Smårettkveld» på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. juli 2012

Onsdag kveld er du invitert til Todalshytta på «Smårettkveld». Åse Grydelabnd Øyen fortel at dei har mykje godt å by på, og nemner i den samanhengen både pizza, taco, salatar, bakte poteter og mykje anna godt og sjølvsagt godt tilbehør. Det er start frå kl 18 og utover kvelden.  Alle er velkomne!


Vorspiel  på  Stangvikfestivalen,  i  Todalen!

Vorspiel på Stangvikfestivalen, i Todalen!

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2012

Som tidlegare nemnt er Stangvikfestivalen eit høgdepunkt for mange, og i år som alle dei andre åra har styret i festivalen spikra saman eit fullspekka og vaiert program med kulinariske opplevingar. Dei startar det heile med førpremiere i Todalen ungdomshus, der dei frammøtte ifølge programmet blir lova eit «stemningsfullt møte med surnadalingen Ingebjørg Loe Bjørnstad, som presenterer eigne låter i samspel med festivalmusikarar. Få komponistar har skrive vakrare kammermusikk enn romantikaren Johannes Brahms, og Todalspublikumet vil få høyre Alpaca Trio framføre frå hans fantastiske pianotrio i C-dur. Tradisjonen tru vil Stangvikensemblet også i år gjere ein heilt eigen versjon av Todalssongen».

Les heile saka

Minikonsert  og  gratis  platedryss

Minikonsert og gratis platedryss

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. juli 2012

Snow On A Mountain trekte bra med folk til minikonserten på Matkroken i dag. Det var Husbybrødrene Eirik, Lars Olav og Jan Peter som slepte ein smaksprøve på kveldens konsert på Pakkhuset Kro, og målgruppa var dei minste som må «byssan lulle» før kveldens konsert startar kl 20.00. Dei som møtte på minikonserten fikk kvar sin signerte EP med 4 melodiar, og det var nok mange små som opplevde sin første konsert i Kaffekroken i dag.

Les heile saka


Todalen  G19  mot  Surnadal  G19

Todalen G19 mot Surnadal G19

Jon Olav Ørsal Måndag 23. juli 2012

Onsdag kveld startar G19 oppkjøringa mot Norway Cup med privatkamp mot Surnadal G19, skriver manager Terje Nordvik i ei pressemelding til Todalen.no. Kampen startar kl 18.30, og det er første kamp forsamarbeidslaget Todalen-Søya-kvass/Ulvungen etter at fotballferien noe er ferdig.

Les heile saka

Rundtur  til  Hemne  og  Aure

Rundtur til Hemne og Aure

Jon Olav Ørsal Sundag 22. juli 2012

Torsdag vart utferdstrongen såpass sterk at det vart ein liten biltur. Det skjedde meir eller mindre på impuls, og starten gikk i retning E39 for mellom anna å prøve nyvegen mellom Rodalen og Vinjeøra. Første stopp var på Valsøytunet på Valsøya. Der var vi litt for tidleg ute for dei opna først kl 13, men det var godt å strekkje litt på føtene før vi tok fatt på neste etappe etter nyvegen som nok var ei skikkeleg oppgradering. På Vinjeøra tok vi av til Kårøyann, som er ein utpost der KNT har kvarter på Fjordruta.

Les heile saka

Minikonsert  og  plåtesignering  på  Matkroken

Minikonsert og plåtesignering på Matkroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juli 2012

Vi har tidlegare omtala konserten med «Snow On A Mountain» som skjer på Pakkhuset Kro på Todalsøra tysdag 24. juli. Tidlegare på dagen (Kl 12.00) blir det minikonsert på Matkroken L.Hals, der det og blir plåtesignering . «Snow On A Mountain», det er Husbybrørne Eirik, Lars Olav og Jan Peter, og dei lanserer no EP-plåta med 4 melodiar der Eirik Husby står ansvarleg for både tekst og tonar. Eirik seier at han tenker spesielt på den yngre garde med minikonserten på Matkroken.

Les heile saka

Trening  er  ferskvare,  så  det  er  berre  å  hive  seg  rundt…

Trening er ferskvare, så det er berre å hive seg rundt…

Elinor Bolme Laurdag 21. juli 2012

Surnadal Trenings- og velværesenter melder om oppfølging av vårens runde med prosjektet: «2 buksestørrelser ned». Dette vart ein stor suksess! Dei kjøyrer på med ein ny runde allerede nå på august! Dette er oppstart heilt forfra, med kurs både for damer og herrer. Det blir også oppfølging av de som var med på vårens runde med «2 buksestørrelser ned», nærmere informasjon om dette kjem seinare. Haustens timeplan er også så å sei ferdig med opp i mot 30 gruppetimar per veke, noko for ein kvar å velge i med andre ord.

Les heile saka

Arboretet  –  inviterer  til  piknik  og  kveldsope

Arboretet – inviterer til piknik og kveldsope

Jon Olav Ørsal Laurdag 21. juli 2012

Svinviks arboret minner om at dei har kveldsope på onsdagar i juli. Da er det altså arboretet ope frå kl 12.00 til kl 20.00. Det kan være fint å ta en kveldstur for å vandre rundt i anlegget, eller berre stikke innom for å ta ein kaffekopp og ein godbit i arboretets kafè. Dei minner og om pikniktibodet dei har. Om piknikvèret let vente på seg kan dei alltids sørgje for at innhaldet i piknikkorga kan nytast tørrskodd. Dei har to alternative piknikkorger som du kan lese meir om her.

Les heile saka

Norsk  Vandrefestival  –  3.-5.  august

Norsk Vandrefestival – 3.-5. august

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juli 2012

I tidsrommet 3.- 5. august arrangeres Norsk vandrefestival. Denne gongen er hovudsetet flytta til Rindal kommune, og det blir BaseCamp ved Tjønna. Men aktivitetane kjem som tidlegare til å forega i dei tre kommunane Rindal, Surnadal og Halsa. Norsk Vandrefestival kan i år by på eit variert og spennande program, som altså går over 3 dagar frå fredag til og med søndag i starten av august.

Les heile saka

Laurdag:  Pub  på  Pakkhuset

Laurdag: Pub på Pakkhuset

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juli 2012

Laurdag kveld (21.7.) er det open pub på Pakkhuset Kro. Dørene opnar kl 21. Pakkhuset Kro ligg ved den gamle dampskipskaia, ytterst på Todalsøra. Alle er velkomne!


Side 2 av 512345