Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Norsk Vandrefestival – 3.-5. august

Norsk Vandrefestival – 3.-5. august

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juli 2012

I tidsrommet 3.- 5. august arrangeres Norsk vandrefestival. Denne gongen er hovudsetet flytta til Rindal kommune, og det blir BaseCamp ved  Tjønna. Men aktivitetane kjem som tidlegare til å forega i dei tre kommunane Rindal, Surnadal og Halsa.  Norsk Vandrefestival kan i år by på eit variert og spennande program, som altså går over 3 dagar frå fredag til og med søndag i starten av august.

På årets program er meir omfattande og variert enn nokon gong, og på heimesida til Norsk vandrefestival finn du fyldig omtale om det som skal gå føre seg i løpet av dei tre hektiske dagane i starten av august.

Nokre av programpostane er også lagt til Todalen. Det er oppfølgjing av bygginga av den Kvite Varde, der kunstnaren Toril Redalen er sentral. Søndag 5. august kl 11 er det start frå Innerdalsmerket og det blir oppfordra til å ta med kvite steinar for å byggje vidare på den Kvite Varde som er påbegynt litt ovafor Tristeinan.

I tillegg blir det Piknik i Svinviks arboret alle 3 dagane. Der blir du oppfordra til å dra på idyllisk piknik i arboret. Bestill piknikkorg frå Svinviks arborets kafé, finn yndlingsplassen i graset…og dekk deg på duk og pledd, med nytrekt kaffe/te, arboretets saft og marmelade, heimbaka brød og meir salt, søtt og sunt som er deg vel forunt, står det i reklamen.

Her kan du laste ned komplett program for Vandrefestivalen 2012

Først publisert: 20. juli 2012, 23:16 - Sist oppdatert: 5. august 2012, 14:14