Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vorspiel på Stangvikfestivalen, i Todalen!

Vorspiel på Stangvikfestivalen, i Todalen!

Elinor Bolme Tysdag 24. juli 2012

Som tidlegare nemnt er Stangvikfestivalen eit høgdepunkt for mange, og i år som alle dei andre åra har styret i festivalen spikra saman eit fullspekka og vaiert program med kulinariske opplevingar. Dei startar det heile  med førpremiere i Todalen ungdomshus, der dei frammøtte ifølge programmet blir lova eit «stemningsfullt møte med surnadalingen Ingebjørg Loe Bjørnstad, som presenterer eigne låter i samspel med festivalmusikarar. Få komponistar har skrive vakrare kammermusikk enn romantikaren Johannes Brahms, og Todalspublikumet vil få høyre Alpaca Trio framføre frå hans fantastiske pianotrio i C-dur. Tradisjonen tru vil Stangvikensemblet også i år gjere ein heilt eigen versjon av Todalssongen».

Her vil det undervegs i konserten også bli mulegheit til forfriskningar. Todalen Idrettslag held åpen kiosk/bar med salg av heimlaga blomkålsuppe med brød og drikketil, for den som ønsker det.

Og dette er berre byrjinga på ei populær festivalhelg 26.-29. juli, ein festival som etter 13 år har komme til eit 10-årsjubileum.

Heile programet for helga finn du her: Stangvikfestivalen_2012 og etter kvart inne i vår aktivitetskalender.

www.stangvikfestivalen.no er det også litt informasjon å finne om helga.

Publisert: 24. juli 2012, 18:00