Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for juli, 2012

Vi fann 59 artiklar i dette arkivet.


Sandfraktar ved kaia i Todalen

Sandfraktar ved kaia i Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. juli 2012

Måndag kveld la sandfraktaren MS Torvåg frå Molde til kai i Todalen. Båten kom med 650 tonn med knusagrus og singel, som skulle leverast til Per E. Gjeldnes Maskin. Båten kom frå Viken Pukkverk i Harøysund ved Bud, og la til ved kaianlegget attmed Rossåa Settefisk, der Per E. Gjeldnes har depotlager for singel og knusagrus.

Les heile saka

Norway Cup – tysdagsrapport

Norway Cup – tysdagsrapport

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. juli 2012

Tysdag, som er dag 3 i Norway Cup vart nok ein liten nedtur for alle samarbeidslaga til Søya-Todalen-Kvass/Ulvungen. Til tross for iherdig innsats vart Nord 1 for sterke for J13, og sluttresultatet vart 2-3. Dei låg under 0-3 ved pause, og kom sterkt etter pausen. G14 møtte nok si overmakt i eit sterkt lag frå Team Nes, og gikk dermed på eit tap på 0-5. G19 har akkurat spela ferdig sin kamp mot Ottestad, og dei måtte også finne seg i tap på 1-2.

Les heile saka

Dag 2 på Ekebergsletta – oppdatert

Dag 2 på Ekebergsletta – oppdatert

Jon Olav Ørsal Måndag 30. juli 2012

I NorwayCup er dei alt komne godt i gang med dag 2. Den første kampen mellom G14 og Haugfoss er ferdig, og her vart det G14 som trekte det lengste strået og vann 2-1. Vi har fått bilde og kort rapport frå vår «utenrikskorrespondent» på ballsletta:

Les heile saka

Fartsøkning med forviklingar..

Fartsøkning med forviklingar..

Jon Olav Ørsal Måndag 30. juli 2012

SK maskinlag har farta rundt omkring heile Nordmøre for å grave ned fiberkabel til telefonnettet. Dei gamle kopparkablane blir no innhenta av tida og er ikkje raske nok for den store datatrafikken i telefonnettet. Akkurat no er Svein Nærum og Lars M. Holten i sving med å leggje ned rør for fiberkabel frå sentralen ved Ørsal og til Netcombasen som står på fjøstaket i Nestua på Halset.

Les heile saka

Stavgang under Vandrefestivalen

Stavgang under Vandrefestivalen

Jon Olav Ørsal Måndag 30. juli 2012

Til helga går Norsk Vandrefestival av stabelen. Festivalen har i år basecamp ved Tjønna i Rindal, men dei har arrangement både i Surnadal- og Halsa kommunar i tillegg til Rindal. Dei har eit rikhalding program der du finn litt for ein kvar smak, frå fredag 3. til søndag 5. august. Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag deltek også i programmet, da dei er inviterte til Igletjønna komande laurdag.

Les heile saka

Med Sondre på topptur til Strengen

Med Sondre på topptur til Strengen

Sondre Halset - tekst og foto Måndag 30. juli 2012

Skodde på toppane gjorde at eg for ein gongs skuld ville freista fjella utanfor Kammen. Tenkte då at Strengen måtte vera ei høveleg utfordring, etter mang ei formaning frå ein innflyttar frå Kvenna. Køyrde opp til Vang skiarena, for å prøve å finne ein egna parkeringsplass. Tenkte som så att heile Kvenna og halve Stangvik var på Strengen på ein så fin dag som denne. Men så feil kan ein faktisk ta, forutan meg var det berre ein bil til på parkeringsplassen.

Les heile saka

Rapport frå NorwayCup – oppdatert

Rapport frå NorwayCup – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2012

Knut Haugen har sendt oss ein kort rapport frå NorwayCup, der dei første kampane no er spela. G19 vann fortjent kampen mot Sykkylven med resultatet 3-1. Scoringer ved Anders Boye (2) og Seppe Claessen. Men Kristoffer vart skadd etter eit kvarters tid av kampen, og er kanskje ute av cupen for i år.

Les heile saka

Høgsesong for fjellturismen

Høgsesong for fjellturismen

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2012

Frå månadsskiftet juli/august og et par veker framover har fjellturistane sin travlaste sesong. Da er sommaren komen for fullt i fjellet, og mange skal nytte høvet til å kome seg til fjells før dei atter blir henta inn av den grå kvardagen og startar på jobb eller studier igjen. Todalen.no tok turen til Kårvatn, som har kvarter for Trondhjems Turistforening med sjølvbetjening i Målastua og Gammelstua. Kårvatn ligg godt plassert i rutenettet til TT, og har trafikk både frå Trollhimshytta i Folldalen, frå Innerdalen og frå Storlidalen.

Les heile saka

«Skulstuå i Todalen» har overteke Gammelskulen

«Skulstuå i Todalen» har overteke Gammelskulen

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. juli 2012

Formalitetane med overtakinga av Gammelskulen er no i orden og stiftinga «Skulstuå i Todalen» har no formelt overteke eigedomen, fortel Ragna Kvendset. Foreninga «Venner av Skulstuå» skal no ta seg av drift og vedlikehald av huset. Foreninga er alt kome igang med dugnadsarbeidet, og i første omgang er det målararbeid som er gjort, og sørveggen er så godt som ferdigmåla. Vidare er det måling av austre veggen, samt oppussing og måling av vindauga som står på programmet. Muligens blir det også skifte av kledning på vêrveggen i løpet av hausten, seier Ragna Kvendset til Todalen.no

Les heile saka

Eit retteleg vorspiel!

Eit retteleg vorspiel!

Elinor Bolme Torsdag 26. juli 2012

Vorspiel, opplevelse, høg kvalitet, stor spennvidde. Dette var orda styreleder Lars Inge Kvande i Stangvikfestivalen -12 åpna konserten med i Todalen Ungdomshus i kveld. Den 3. konserten i rekkja som er lagt til Todalen. Så langt. Og jaggu fekk han ikkje rett etter kvart som artistar i høgste klasse entra scena i det velfylte Ungdomshuset ein etter ein. Nokon åleine, andre i fantastisk samspel med ein eller fleire. Trur nok eg med sikkerheit kan forestille meg at i allefall ein tredjedel av tilhøyrarane som var der ikkje var klar over at det faktisk gjekk an å få så mange ulike tonar ut av ein cello, eller ein klarinett for den del. Her talar vi både høgt og lågt, lett og dystert, på ein gong.

Les heile saka

Tap i oppkjøringskampen

Tap i oppkjøringskampen

Elinor Bolme Torsdag 26. juli 2012

I går kveld var det ein vennskapleg treningskamp mellom G19 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Surnadal på Bordholmen. Resultatet vart 2-0 til Surnadal, der den eine scoringa vart i forbindelse med eit straffespark. Todalen.no kom i seinaste laget til å begi seg ut på eit utfyllande referat, då dei spela innskrenka omgangar på kun 30 minutt. Men etter kommentarane på sidelinja i etterkant vann Surnadal fortjent.

Les heile saka

Klare for Norway Cup…

Klare for Norway Cup…

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. juli 2012

Norway Cup er like rundt hjørnet. Manager Terje Nordvik for Todalen/Søya/Kvass-Ulvungen G19 (TSKU) fortel at dei fleste laget dreg til Oslo laurdag, og skal bu på Skøyenåsen skule den tida dei er i Oslo. Frå Samarbeidslaga Søya/Todalen/Kvass-Ulvungen er det 4 lag som skal delta i NorwayCup i år, og i tillegg er det 2 lag frå Surnadal.

Les heile saka