Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Med Sondre på topptur til Strengen

Med Sondre på topptur til Strengen

Sondre Halset - tekst og foto Måndag 30. juli 2012

Skodde på toppane gjorde at eg for ein gongs skuld ville freista fjella utanfor Kammen. Tenkte då at Strengen måtte vera ei høveleg utfordring, etter mang ei formaning frå ein innflyttar frå Kvenna. Køyrde opp til Vang skiarena, for å prøve å finne ein egna parkeringsplass. Tenkte som så att heile Kvenna og halve Stangvik var på Strengen på ein så fin dag som denne. Men så feil kan ein faktisk ta, forutan meg var det berre ein bil til på parkeringsplassen.

For ein ukjend ein som meg sjølv, hadde eg fått instruksjonar om å følgje den merka ruta opp til toppen, og valde då å ta den blå ruta som var merka til Strengen… Gjennom skog og kratt følgjer ein berre stien som er godt skilta og merka, så det er ikkje nokon som helst tvil om kor ein skal gå. Oppetter stien var det satt opp eigne sjåverdigheiter som skilt over gamle plassar eller setre. Så kan ein berre tenkje seg korleis det var før i seterdriftstida. Dei tenkjer jo på alt her på Kvenna!

Vel oppe må ein vel berre innrømme at utsikta her er upåklageleg, sjølv om ein ikkje ser Todalen. Lita trøyst at ein i alle fall ser toppane av Todalsalpane, i tillegg at ein får skriva namnet sitt i boka! Elles all ære til Kvennalendingane for at dei har satt opp ei ”fjellskive” (eige ordforråd) som viser namn og høgde på alle fjell 360 grader rundt Strengen. Utruleg artig og interessant, noko som resulterte i at eg brukte over 3 kvarter på denne eine sysselen. Etter kvart skya det på, så det var berre å avslutte fjellgranskinga og ta turen med igjen etter same ruta.

Anbefaler å ta turen når skodda heng som tyngst kring gamle Tovadal. Tur/retur Vang – Strengen er omlag 7,5 km, og ein må kanskje rekne med 1,5 time i normalt turtempo. Og så eit tips til slutt: Sjekk Svorka sitt Webkamera på Todalen.no før ein legg ut på turen.

Bilder frå toppturen til Strengen.   Alle foto: Sondre Halset

Publisert: 30. juli 2012, 10:17