Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rapport frå NorwayCup – oppdatert

Rapport frå NorwayCup – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 29. juli 2012

Knut Haugen har sendt oss ein kort rapport frå NorwayCup, der dei første kampane no er spela. G19 vann fortjent kampen mot Sykkylven med resultatet 3-1. Scoringer ved Anders Boye (2) og Seppe Claessen. Men Kristoffer vart skadd etter eit kvarters tid av kampen, og er kanskje ute av cupen for i år.

Kampoppsettet for dei lokale laga som er med i Norway Cup 2012 finn du her, og dersom du vi være online med resultatservicen kan du bruke denne linken.

Elles kan vi nemne at G14 gikk på eit tap på 0-2 i kampen mot Oppsal tidlegare i dag.

Siste: J13 vann kampen mot Eiker Kvik søndag ettermoddag. Resultatet vart 4-2 etter kjempebra innsats frå jentene. Dei som scora var mari Gjul (2), Kristine Nes og Lone Kvande Brøske.

Først publisert: 29. juli 2012, 13:42 - Sist oppdatert: 30. juli 2012, 08:25