Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for mai, 2012

Vi fann 69 artiklar i dette arkivet.


Kleivakveld med variert program

Kleivakveld med variert program

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2012

Kleivakvelden fredag kveld vart ein fin oppleving for det tusentals publikum som hadde teke turen til Kleiva i finvêret. Det var eit rikhaldig program med  fleire høgdepunkt som Rita Eriksen trio og ikkje minst utdelinga av Kleivaprisen Kleivaprisen som i år velfortjent gikk til Sverre Hatle. Men det var også lokale krefter frå Todalen som deltok. […]

Les heile saka

NRK P1: Naturens verden frå Svinviks arboret 1.pinsedag

NRK P1: Naturens verden frå Svinviks arboret 1.pinsedag

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2012

Tove Fugelsnes frå NRK radio og avdelingsleiar ved Surnadal museum Dordi Kjersti Mogstad har denne veka gått rundt i ein blomstrande og duftande hage bada i sol og varme – der nye blomster og blad sprett ut frå time til time – og gjort opptak til radiosendinga som skal gå no førstkomande søndag – 1.pinsedag. Programmet «Naturens verden» er ein klassiker i NRK P1, med over 700 000 faste lyttarar. Reportasjane frå naturperler rundt om i landet gleder kvar søndag naturinteresserte folk i heile Norge.

Les heile saka

Båtforeninga: Minner om dugnaden laurdag

Båtforeninga: Minner om dugnaden laurdag

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mai 2012

Styret i Todalen båtforening melder at det arrangeres dugnad i havna lørdag 26. mai kl 10:00. Vi ligger litt etter en normal plan for å klargjøre bryggeanlegget for årets sesong. To av bryggeseksjonene var så dårlige at de ble tatt på land og revet, i fjor. Pontongene er nå overhalt og klar for nye år i sjøen. Dette har tatt sin tid, men nå er de klar for å få nytt tredekke og kobles sammen med de bryggene som ligger ute, skriver leder Lars Stensby i en e-post til Todalen.no

Les heile saka

Ivrige loddselgarar

Ivrige loddselgarar

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mai 2012

G12 og J12 Søya/Todalen skal delta på Romsdalscupen i sommar, og fredag og laurdag er det loddsalg framfor Matkroken L. Hals. Dei lokkar med mange gevinstar, og på lista si har dei ein benk, ei fin sildtønne med lokk, gavekort for butikkarog hotell,, fribillett på Fosskonserten, gratis bilvask, bruskasse og enno litt meir. Trekning blir […]


Sesongstart for sykkeltrimmen

Sesongstart for sykkeltrimmen

Elinor Bolme Torsdag 24. mai 2012

Onsdag kveld vart årets første sykkeltrim i regi av trimgruppa arrangert. Berre slik passeleg med deltakarar møtte opp, da fotballen enno rullar for fullt på mange stadionanlegg rundt om. Dei som tok turen til Bordholmen på sykkel denne fekk høve til å oververa ein fotballkamp for G12 til kaffeen og bakelsa. Brødrene Fredrik og Sivert […]

Les heile saka

Stavgang til Storfossen og Gammelfabrikken

Stavgang til Storfossen og Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mai 2012

Torsdag var Stavganggruppa ute på ny tur, og denne gongen gikk ekspedisjonen til Storfossen og Gammelfabrikken i Brusetmarka. Og Brusetmarka, Storfossen og Gammelfabrikken viste seg nok frå si finaste side, på denne finversdagen med over tjue varmegrader i skuggen. Først var det ein runde til fots oppover Falla, forbi dammen og enkelte gikk heilt opp til Talgø gard før dei returnerte til Gammelfabrikken igjen.

Les heile saka

Syng med oss

Syng med oss

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mai 2012

Onsdag kveld arrangerte Todalskoret «Syng med oss – kveld» i Todalen ungdomshus. Saman med dirigent Bernt Bøe og Åsskard kyrkjekor vart det ein kveld med mykje fin korsong og allsong. Dette er ein tradisjonell og populær songkveld på vårparten, og ein kveld som publikum set pris på. Felleskoret opna med «Grautmarsjen», før dei i tur og orden framførte Bøfjordsongen, Todalssongen og Edelweiss, før det vart ei allsongavdeling der også publikum fekk ta del.

Les heile saka

G-19 slo Molde 3-1

G-19 slo Molde 3-1

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mai 2012

Todalen/Søya G19 slo i kveld Molde G19 3-1 i ein kamp på gamle Molde stadion, fortel manager Terje Nordvik på telefon. Molde kom best i gang frå starten, og leda med eit mål allereie etter 1 minutt. Etter 40 minutt utligna TSKU med Erik Vådal, og det vart pauseresultatet. Etter pausen fortsette kampen i jamnt […]


I dag kl 16: Velkomen til fabrikkonserten!

I dag kl 16: Velkomen til fabrikkonserten!

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mai 2012

Laurdag 26. mai kl 16 er det klart for fabrikkonsert på Gammelfabrikken. Det skjer i regi av Vårsøghelga, og er eit samarbeidsprosjekt med Talgø. Det blir ein flott vandrekonsert på tradisjonsrik grunn, og blir nok musikalske opplevingar i ei innpakking du aldri har sett før. Da kjem nemleg Pelbo, Shavian og Hanne Kjersti Yndestad til Gammelfabrikken for å opptre for oss.

Les heile saka

Åpen dag og «Nato Tiger Air Show 2012» på Ørland

Åpen dag og «Nato Tiger Air Show 2012» på Ørland

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. mai 2012

Lørdag 2. juni åpner hoveflystasjonen portene for publikum. Flyshowet «Nato Tiger Air Show» markerer 100-årsjubileet for norsk militær luftmakt, med oppvisning av både moderne fly og veteranfly. Mange nasjoner deltar i oppvisningen, og vil nok bli litt av et skue, forteller Olav Jostein Holten i indre Nordmøre forsvarsforening. I tillegg vil mange historiske militære kjøretøyer delta og det blir litt av hvert å sjå på Ørlandet denne dagen. Indre nordmøre forsvarsforening setter opp buss til Ørland lørdag 2. jni, og den starter fra Surnadal kulturhus på Skei kl 07.15.

Les heile saka

Klare for energikamp

Klare for energikamp

Elinor Bolme Tysdag 22. mai 2012

Energikampen er eit fast innslag under Laksfestivalen, og elevane ved Todalen Skulle har dei siste dagane trena iherdig med tilgjengeleg utstyr frakta på eigen Energikamphengar frå arrangør Svorka. Elevene deles inn i lag der laget består av 3 elevar, og begge kjønn må være representert frå 6. klasse(dvs. to guter og ei jente eller to jenter og ein gut). Postene skal gjennomføres slik de er beskrevet, før regnmakervimpelen som står ved kvar post kan bringes med vidare.

Les heile saka

Sykkeltrimmen startar onsdag

Sykkeltrimmen startar onsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mai 2012

Onsdag kveld 23. mai startar årets sykkeltrim. Oppmøte på Bordholmen frå kl 18 og utover, der du blir registrert som deltakar. Det er T.I.L.s trimgruppe som er arrangør, og dei lokkar med loddalg i lotteriet og salg av bakels, kaffe og andre kioskvarer. Finn fram sykkelen og bli med på årets sykkeltrim! Denne veka er […]