Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Stavgang til Storfossen og Gammelfabrikken

Stavgang til Storfossen og Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mai 2012

Torsdag var Stavganggruppa ute på ny tur, og denne gongen gikk ekspedisjonen til Storfossen og Gammelfabrikken i Brusetmarka. Og Brusetmarka, Storfossen og Gammelfabrikken viste seg nok frå si finaste side, på denne finversdagen med over tjue varmegrader i skuggen. Først var det ein runde til fots oppover Falla, forbi dammen og enkelte gikk heilt opp til Talgø gard før dei returnerte til Gammelfabrikken igjen.

På Gammelfabrikken var det tid for å finne fram nista og da valgte nok dei fleste å ta kaffepausen i skuggen, på det nye terrasseanlegget som inngår i Talgø Utstillingssenter. Terrasseanlegget er bygd for å vise  idear for bruk av MøreRoyal i uteanlegg og ligg i tilknyting til resten av utstillingane for Talgøkonsernet. Etterpå var det omvisning på heile anlegget, og konsernsjef  Terje Talgø presenterte historia til Talgø for eit lydhørt publikum. Historia til Talgø starta så langt attende som i 1899, da grûnder Thore Talgø bygde møbelfabrikk og kraftverk her.

Det var stor vassføring i Storfossen og den fekk vist at den framleis har musklar til kraftproduksjon, sjølv om den mulegheita ikkje er utnytta idag. Men dei to gamle kraftverka står der enno som viktige minne og var i drift til 70-talet, da all verksemda vart flytta til Kvennset.

Her finn du eit bildegalleri frå Stavganggruppas tur til Gammelfabrikken og Storfossen.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 24. mai 2012, 19:15