Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Syng med oss

Syng med oss

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mai 2012

Onsdag kveld arrangerte Todalskoret «Syng med oss – kveld» i Todalen ungdomshus. Saman med dirigent Bernt Bøe og Åsskard kyrkjekor vart det ein kveld med mykje fin korsong og allsong. Dette er ein tradisjonell og populær songkveld på vårparten, og ein kveld som publikum set pris på. Felleskoret opna med «Grautmarsjen», før dei i tur og orden framførte Bøfjordsongen, Todalssongen og Edelweiss, før det vart ei allsongavdeling der også publikum fekk ta del.Allsong. Frå venstre Signe Grønmyr og Marit Kalset

Vidare var det ei ny avdeling med korsong og allsong som vart avløyst med kaffepause og loddsalg. Etter pausen starta programmet på igjen der felleskoret framførte Nordlandsnetter, Hvite måke og Anna Lovinda. Etter trekning i lotteriet og ny allsongrunde var tida koa for å runde av programmet med ein korettappe, der koret song «Når alt er stille» før dei heilt til slutt runda av med «Visst skal våren komme»

Publisert: 24. mai 2012, 08:09