Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kleivakveld med variert program

Kleivakveld med variert program

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mai 2012

Kleivakvelden fredag kveld vart ein fin oppleving for det tusentals publikum som hadde teke turen til Kleiva i finvêret. Det var eit rikhaldig program med  fleire høgdepunkt som Rita Eriksen trio og ikkje minst utdelinga av Kleivaprisen Kleivaprisen som i år velfortjent gikk til Sverre Hatle. Men det var også lokale krefter frå Todalen som deltok. Elevane på skulane i Surnadal og Rindal har skrive eigne dikt, der eit utval vart framførte som ein del av programmet. Ingebrigt Bergli frå Todalen var ein av dei som smatt gjennom nålauge og dermed bar det på scena på Kleiva for å lese sitt eige dikt.

Ingebrigt Bergli er 6 år, og går i første klasse på Todalen skule. Han hadde skrive eit fint  dikt om søstra si Maria:

«Maria mi»
Kvar er tv´n min?
Under trappa
Kvar er Maria mi?
Under pulten
Eg liker Maria, søster mi.

Her kan du og så lese kva dei andre media skriv om Kleivakvelden – Driva.noTidens kravTrollheimsporten

Publisert: 26. mai 2012, 09:35