Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for september, 2011

Vi fann 63 artiklar i dette arkivet.

Side 6 av 6« Første...23456

Trollheimsmarsjen  avlyst  til  neste  år!

Trollheimsmarsjen avlyst til neste år!

Jon Olav Ørsal Fredag 2. september 2011

Store nedbørsmengder hindra I.L. Ulvungen og Todalen I.L. i å gjennomføre årets Trollheimsmarsj søndag 28. august. Arrangøren melder at det ikkje har vore muleg å arrangere på ein alternativ dato i år. Dermed er årets Trollheimsmarsj avlyst, og neste sjanse blir siste helg i august i 2012. Nils Ove Bruset i Todalen I.L. er lei seg […]


Klubbmesterskap  i  terrengsykling

Klubbmesterskap i terrengsykling

Elinor Bolme Torsdag 1. september 2011

Laurdag klokka 14.30 er det klubbmesterskap i Trollheimen Sykkelklubb melder Halvor Drøpping. Løpet startar frå Nordvik og går til Kårvatn og er eit terrengritt på 30 kilometer der terrengsykkel er påkrevd for dei som deltek i konkuranseklassen. Men ellers er det høve for alle til å møte opp og ta det som ein trimtur. Påmelding frå kl 14.00.

Les heile saka

Tunneldebatten  engasjerte  mange

Tunneldebatten engasjerte mange

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. september 2011

Det kom folk heile Indre Nordmøre for å få med seg debatten på tunnelmøtet i Todalen Ungdomshus onsdag. Da initiativtakar til møtet, Ragnar Halle ønska velkomen, var Ungdomshuset fylt til siste plass. Og han sa at han trudde ikkje det har vore så mykje folk i Ungdomshuset sia sist det var Bekkerfest på slutten av 60-talet. Det var fullt både i storsalen, matsalen og på galleriet, og i tillegg stod det folk rundt omkring der det var plass. Møteledar var TK-redaktør Tore Dyrnes, og han gikk rett på sak med eit anstrengt program som varte i to og en halv time.

Les heile saka

Side 6 av 6« Første...23456