Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tunneldebatten engasjerte mange

Tunneldebatten engasjerte mange

Jon Olav Ørsal Torsdag 1. september 2011

 

Det kom folk heile Indre Nordmøre for å få med seg debatten på tunnelmøtet i Todalen Ungdomshus onsdag. Da initiativtakar til møtet, Ragnar Halle ønska velkomen, var Ungdomshuset fylt til siste plass. Og han sa at han trudde ikkje det har vore så mykje folk i Ungdomshuset sia sist det var «Bekkerfest» på slutten av 60-talet.  Det var fullt både i storsalen, matsalen og på galleriet, og i tillegg stod det folk rundt omkring der det var plass. Møteledar var TK-redaktør Tore Dyrnes, og han gikk rett på sak med eit anstrengt program som varte i to og en halv time.

 

Godt og vel den første timen gikk med til innleiarane som var Svein Solbjør frå Statens vegvesen, Olav Brevik fra smferdselavdelingen i fylket, Bergsvein Brøske frå Trollheimstunnelen, Ola Hals frå Samarbeidsgruppa for bru og kort tunnel, Ordførar i Sunndal Ståle Refsti og ordførar i Surnadal Mons Otnes.

Solbjør tok ein grundig gjennomgang av dei beregningane som er gjort for Trollheimstunnelen, og orienterte om kva kostnader dei forskjellige prosjekta vil dra med seg. Trollheimstunnelen frå til Ålvundeid inkludert vegar, tunnellar og bruer fram til Hauahyllå vil koste ca 1,5 mrd alt inkludert. Dette prosjektet vil kan delast opp i fleire småprosjekt dersom det er nødvendig med tanke på finansieringen. Her vil det til saman bli ca 9,3 km tunnell, og det vil gi ei kjørelengd på 44,6 km fra Skei til Sunndalsøra, og denne strekninga utgjer 70-80 % av trafikkmengda.

Prosjektet med bru og tunnel vil koste mellom 3-400 mill. meir å gjennomføre, og må gjennomførast i eit steg. Det vil seie at heile utbygginga må finansierast og byggast i eit prosjekt. Her blir det etter plana 4,34 km tunnel frå Ålvundfossen til Rakanesset, og bru på ca 1000 meter, med eit bruspenn på ca 650 meter. Dette alternativet vil ifølge Solbjør frå Vegvesenet kreve mykje plass på Svinviksida, da det nerast blir ei lita trafikkmaskin der for å handtere veg og tunnel vidare mot Nordvik, samtidig som det det skal veg vidare innover til Todalen. For dette alternativet vil det bli ei kjørelengd på 43,1 km frå Skei til Sunndalsøra. Dersom dette prosjektet skal utredast på nytt, vil det ta kostbar tid som vil få konsekvensar både for pris og tida det tek å føre prosjektet fram til oppstart.

Det største problemet med heile prosjektet er nok finansieringa. Olav Brevik frå samferdselsavdelinga i fylket mente at prosjektet kan væra realiserbart med oppstart i perioden 2016-2021, med fullføring i neste planperiode, men det er ikkje finasiert. Samferdselutvalget skal i september ta avgjerd om 1,5 mill til reguleringsplan skal bevilgast. Plana skal gjennom fleire prosessar før Stortinget kan godkjenne prosjektet, og det kan tidlegast skje i 2017. Dagens forslag til finasiering er at 300 mill skal finasierast gjennom bompenger, og resten frå fylkeskommunale vegmidlar.

På møtet kom det klar fram at det er viktig at det arbeides vidare med prosjektet, da tida no er i ferd med å renne ut. Blir det ein omkamp om desse prosjekta er det fare for at toget går, og at det er stor sjanse for at vi bli ståande att på perrongen. Ordførar Ståle Refsti frå Sunndal understreka at dette er den viktigaste saka for regionen, og at det er viktig at det bygges ut fort, billig og uten sommel og rot som forsinkar prosjektet.

Under paneldebatten etterpå var det fleire som stillte spørsmål og det kom fram forsl\kjellige meiningar, uten at det kom fram nye moment i saka. Det vart mellom anna sagt at det vart mykje tunnell mellom Sunndalsøra og Surnadal ( 24,7 km) og at det blir lite dagslys å sjå. Odd Arne Vikavoll som har pendla til Sunndalsøra i 25 år, runda på mange måtar av debatten da han i ein replikk sa at dersom vi skal ha fleire utredninga om dette no så er vi alle her for seint ute til å sjå dagsljoset

Publisert: 1. september 2011, 06:00