Arkiv for april, 2011

Side 1 av 612345»...Siste »

Nordvik grendalag med dugnad


Frå Nordvik meldes det at dei no er ferdige med dugnaden etter ein kvelds innsats både inne og ute rundt Forsamlingshuset. Det vart rydda på leikeplassane og rundt forsamlingshuset, det vart og vaska rundt i huset og lagt ny grus på parkeringsplassen. Kvelden vart avslutta med kaffelag ute i det fri.

Røy på besøk


Fra Kristine Saksen Ulvund har vi fått ein epost om ei røy som var i skulen og sosialiserte seg på torsdag. Kristine skriv: Vil dele noen bilder med dere av ei “tam” Røy som oppholdt seg på Todalen Oppvekstsenter i hele dag.
Det var Thea som fortalte om Røya da hun kom hjem fra skolen. Etter middag dro vi ned for å fotografere fugelen,
men da var hun borte..

Talgø kjøper Bindalsbruket


Onsdag var avtalen med Bindal kommune om overtaking av Bindalsbruket ferdigforhandla og alle detaljane på plass. Torsdag vart avtalen om salg av Bindal kommunes aksjar behandla i kommunestyret, der avtalen einstemmig vart vedteken. Dermed var det klart for signering av avtalen etter kommunestyremøtet som denne gongen vart avvikla i lokalene til Bindalseidet skule. Dermed er formalitetane rundt kjøpet klare, og Talgø Invest AS tek over Bindal kommunes aksjepost på 97,15%. Dei resterande aksjane er eigd av Frithjof Plathe og Einar Bangstad.

Tap, men mye positivt i første seriekamp


Fotballsesongen har starta, og G14-laget til STKU åpna mot Batnfjord/Reinsfjell 27. april. På heimesidene til IL Søya finn vi fyldig referat av kampen frå Bjørn Hauglann. Kampen endte med 2-3 tap, men guttene viste mye positivt. For å lese heile referatet, besøk IL Søyas heimesider. Neste kamp er på Søyabanen 4. mai.

Bilde frå Haukåa


Du er kanskje vant til å sjå fossane i Haukåa på avtand, men det er få som har betrakta disse på nært hold og neppe teke bilder der. Jon Bruset har gått etter elva, ovafrå og ned, og han har sendt oss bilder fra turen ned attmed elva. I ein e-post til Todalen.no skriv Jon Bruset: ” Tok ein tur langs Ytre Haukåa i dag. Bildeserien startar frå det litt slakkare lendet på toppen, omtrent der grøfta der dei tok vatn over til Indre Haukåa tok av. ( Får prøve ei sak på dette samtidig med Indre Haukåa).

Kulturhuset i mai


Ny kulturkalender er på gang, denne gongen er det for mai månad og snart finn du den i postkassen din. Her er det mykje å by på, og startar med 1. maifeiring og forsett med Kalla Skrøvseth-utstilling den 10.5 og Peer med Teaterklassen ved NoFo. Vidare er det 17. maifeiring, Rødhette og ulven den 25. [...]

29 på 2 timer


2. påskeedag satt Sondre Halset på Hals og selde personlege medlemskap i todalen.no. I dei to timane han satt der var det heile 29 stykkar som takka ja til det, og fekk sitt eige nummererte medlemskort. Reknar ikkje med at alle vart nådd med desse to timane, så eit slikt stunt vil sikkert bli teke oppatt seinare utover våren.

Fasit og vinnarar for påskequiz


Mandag 2. påskedag var det trekning av vinnarar frå Sondre og Maris påskequiz på Hals. Totalt var det 21 personer med riktig svar som sendte inn. Vi har fått gode tilbakemeldingar på konkurransen, og vi håpar å kunne komma med fleire konkurransar i framtida.

Triveleg stund på Haugligardane


Friluftsgudstenesta på Haugligardane vart ei fin og triveleg stund for dei 60-tals tilhørarane som møtte fram. Det var sokneprest Lene Gåsvatn frå Rindal som heldt gudstenesta, og Todalskoret med dirigent Bernt Bøe var som vanleg på plass og sørga for flott korsong og forsterking av korsongen under gudstenesta.

Bli personleg medlem i dag!


På årsmøtet til todalen.no 15.mars vart det vedteke at vi skulle prøva oss på personleg medlemskap. Det vil bli to ulike måtar å tegne dette på; ved bankoverføring, eller ved kontant betaling i “kontrollerte” former. Første gongen det blir høve til kontant betaling vil bli under kioskope 2. påskedag på Hals mellom 16 og 18. Da vil nyvalgt styreleiar Sondre Halset sitja der og registrere dei som ynskjer å teikne medlemskap. Prisen er sett til 100 kr i året.

Bildeglimt frå påskefjellet


Frå Jon Bruset har vi fått e-post og helsing. Bilde er frå langfredag da han var på tur til Skihytta og Ørsalfjellet. Vi legg ut bilda som eit galleri, der du kan studere utsikten og fjella rundt Todalen.

“Nye” Vangsgutane


På Driva.no kan vi lese at Vangsgutane til jul i år kjem med nye historier. Det er teiknaren Ivan Andreassen og forfattaren Sverre Aarnes som har gjort avtale med Fonna Forlag, og plana er at det skal bli årlege utgjevingar. Les meir om dette på Driva.no.

Medlemmar

Skogkompaniet
Nordvik Grendalag
Eldremiddagen
Indre Nordm�re Forsvarsforening
AMFI Surnadal
Svorka
Todalen Bondelag
Todalen Idrettslag
Todalen Sanitetsforening
Trollheimsporten
Surnadal Kommune
Stangvikfestivalen
Stangvik Historielag
Surnadal Kulturhus
Norgeshus Byggefirma Olav Haugen AS
ICA Todalen
Surnadal Sparebank
Start 4H
Surnadal Regnskap AS
Todalen Brygge
Talgø Møbelfabrikk AS
Sparebank1 Midt-Norge
Driva
Todalen Sokneråd
Surnadal Pensjonistlag
Todalen Elveeigarlag
Gjensidige Surnadal
Todalshytta
Norsk Laksefestival
Todalen Småbåtforening
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Søya og Todalen Skytterlag
Kombi Regnskap
AMFI Kreativ
Kårvatn Fjellutstyr
Todalen Historielag
IL S�ya
Viastua Gardsprodukt
Rossåa Settefiskanlegg
Skulstuå i Todalen
Studio Saksen

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Lør 25. mai: Open dag INF
    • Lør 25. mai: Open pub
    • Søn 26. mai: Hestens dag - UTSETT
    • Søn 26. mai: Sykkeltrim
    • Man 27. mai: Knøttetrening
    • Ons 29. mai: Søppeldag
    • Tor 30. mai: Lagseriestemne
    • Lør 1. juni: Planteloppemarked
    • Søn 2. juni: Gudsteneste
    • Søn 2. juni: Sykkeltrim
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør