Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arkiv for februar, 2011

Vi fann 54 artiklar i dette arkivet.

Side 4 av 512345

Lang  tunnel  billigast

Lang tunnel billigast

Elinor Bolme Onsdag 9. februar 2011

Fylkesordførar Olav Bratland meiner fortsatt at Trollheimstunellen er mest aktuell som lang, etter at dei nye utgreiingane no er klargjorte. Her går det fram at lang tunell er prissatt til 1,5 mrd, medan det andre alternativet med kort tunnel og bru kom på 1,75 mrd.

Les heile saka

“No  e  sola  kåmma”  –  lunsj  og  solfest  ved  Todalen  oppvekstsenter

“No e sola kåmma” – lunsj og solfest ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 8. februar 2011

Måndag 7. februar serverte Todalen Bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter. Leiaren i bondelaget, Ståle, med medhjelparane Ingebrigt, Frode, Anders og Olav, serverte nydeleg kakao, godt heimbaka brød med sunt pålegg og utruleg god heimelaga jogurt. “Slik skulle vi hatt det kvar dag!” meinte ungane. Og nestleiaren i elevrådet, Frikk, takka for “kjøle go mat” og ønska bondelaget velkomne att neste år!

Les heile saka

Stem  på  månadens  bilete  for  januar

Stem på månadens bilete for januar

Ole Petter Talgø Tysdag 8. februar 2011

Vi har starta på 2011, og også dette året vil styret plukka ut nokre kandidatar til månadens bilete. Vinnarane vil som i fjor få eit eksklusivt Todalen.no-krus, og vi startar naturleg nok med månadens bilete for januar. Vi håpar dykk fortsett å senda inn bilete til oss.

Les heile saka

Skule  for  vonde  ryggar

Skule for vonde ryggar

Jon Olav Ørsal Måndag 7. februar 2011

Er du plaga med smerter i rygg eller nakke, eller har anna muskel eller skjelettplager har du mulegheit for å gjera noko med det på Surnadal Velværesenter no. Torsdag 17. februar startar dei nemleg opp med ryggskule, og i 8 torsdagar framover vil naprapat Micke Dahlgren sørge for at du får lære å trene opp […]


Årsmøte  i  Historielaget  blir  10.  mars

Årsmøte i Historielaget blir 10. mars

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2011

Todalen historielag inviterer til årsmøte torsdag 10. mars. Det skjer i Todalen ungdomshus, og startar kl 19.30. På saklista står vanlege årsmøtesaker, og innkomne saker. Har du ei sak du vil fremje på årsmøtet, så kan du levere den til ledar i historielaget, Maren Ansnes, innan 18. fabruar. På årsmøtet vil vil «Skannarpatrulja» (Ingri og […]


Søyatrimmen  –  bra  deltaking  i  2010

Søyatrimmen – bra deltaking i 2010

Jon Olav Ørsal Sundag 6. februar 2011

Frå I.L. Søya har vi fått statistikk over deltakinga i Søya-trimmen i 2010. I.L. Søya har til 7 trimpostar, der du kan gå til fots eller på ski og registrere deg med. Strengen vart i 2010 den mest populære posten med heile 2114 namn, tett fulgt av Storsetra med 1614 besøk. Tilsaman på dei 7 postane registrert 5243 besøk gjennom året. Det er plassert trimpostar på Haugasetra (41), Evjehaugen (64), Storåsen (542) , Strengen (2114), Åsbøsnytå (626), Storsetra (1614) og Bjønndulu (242).

Les heile saka

G12  allerede  i  gang

G12 allerede i gang

Knut Haugen, IL Søya Sundag 6. februar 2011

Lørdag 5. februar var det trening for G12 i Surnadal Idrettshall. 12 unge fotballgutter møtte til årets første treningsøkt, under ledelse av oppmann / ass. trener Ola Magne Nordvik. Det var en ivrig og lærevillig gjeng som møtte til trening. Først var det viktig basistrening med pasningsøvelser, og etterpå vanlig spill mot to mål. Med ca 14-15 spillere tilgjengelig blir det sannsynligvis påmeldt to 7-er lag i årets G12-serie. Dette blir løst ved en viss overlapping mellom lagene (spiller ikke kampene på samme dag), samt at noen 2001-spillere (G10) også hospiterer på G12 i en del treninger og kamper.

Les heile saka

Mild  januarmånad

Mild januarmånad

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. februar 2011

I sterk kontrast til den kalde desembermånaden så vart januar ein rekordarta mild månad. Målingane til Jon Bruset viser at det var heile 24 dagar at maksimumstemperaturen viste varmegrader. Den 29. januar viste gradstokken heile +8,3 grader, som er januarrekord etter målingane han starta med for over 20 år sidan. Den kaldaste dagen var 14. januar, da det vart registrert -15,2 som og var den einaste dagen at temperaturen kraup under ti-talet.

Les heile saka

Fotballkalenderen for G16

Jon Olav Ørsal Fredag 4. februar 2011

Aktivitetskalenderen for Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen (STKU) G16 er klar. Du kan laste den ned ved å klikke her.  Laget vann forresten årets første treningskamp mot Surnadal, der resultatet vart 3-0. Det må være oppmuntrande start på sesongen!


Deltakarlista  for  fotballen  er  klar

Deltakarlista for fotballen er klar

Jon Olav Ørsal Fredag 4. februar 2011

Nordmøre og Romsdal fotballkrets har lista for påmeldte lag til ungdoms- og vaksenfotballen klart. Den gjeld aldersbestemte klassar frå 13 år og oppover, samt dei andre divisjonane i kretsen. Her kan du laste ned lista som PDF-dokument.

Les heile saka

Skaut  jerv  på  Hjellnessetra

Skaut jerv på Hjellnessetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. februar 2011

Torsdag var det eit nytt jervfall i Todalen. Det var Nils Gjeldnes som fikk ein hannjerv på kornet da han satt på post i jaktbua si ved åta på Hjellnessetra. Jerven var 13,1 kg, og altså eit hanndyr. Det er no to år sia sist han skaut jerv på same plassen. Til åte brukar han no fallhjort, som han hadde fått frå ein viltpåkjørsel på Kvanne.

Les heile saka

Barn  i  løypa  er  avlyst  i  kveld

Barn i løypa er avlyst i kveld

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. februar 2011

Mykje is og vatn i løypa gjer det umuleg å arrangere «Barn i løypa» i kveld, fortel Frode Grønmyr i skigruppa. Dersom det blir meir snø i løpet av komande veke vil ein prøve på nytt neste torsdag.


Side 4 av 512345