Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
“No e sola kåmma” – lunsj og solfest ved Todalen oppvekstsenter

“No e sola kåmma” – lunsj og solfest ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Tysdag 8. februar 2011

Måndag 7. februar serverte Todalen Bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter. Leiaren i bondelaget, Ståle, med medhjelparane Ingebrigt, Frode, Anders og Olav, serverte nydeleg kakao, godt heimbaka brød med sunt pålegg og utruleg god heimelaga jogurt. “Slik skulle vi hatt det kvar dag!” meinte ungane. Og nestleiaren i elevrådet, Frikk, takka for “kjøle go mat” og ønska bondelaget velkomne att neste år!

Det passa godt for oss med festmåltid akkurat no, da vi også feira at sola er på plass etter 3 månader bak fjella. No håpar vi berre på klårt og fint ver framover…

Her kan du sjå nokre bilete frå lunschen på Todalen oppvekstsenter.    Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 8. februar 2011, 06:00