Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skaut jerv på Hjellnessetra

Skaut jerv på Hjellnessetra

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. februar 2011

Torsdag var det eit nytt jervfall i Todalen. Det var Nils Gjeldnes som fikk ein hannjerv på kornet da han satt på post i jaktbua si ved åta på Hjellnessetra. Jerven var 13,1 kg, og altså eit hanndyr. Det er no to år sia sist han skaut jerv på same plassen. Til åte brukar han no fallhjort, som han hadde fått frå ein viltpåkjørsel på Kvanne.

Det er litt av ein tålodighetprøve å jakte på jerv på åte, seier Nils Gjeldnes til Todalen.no. Hittil i vinter har han sitte i bua over 100 timar allereie, og no kom altså første sjanse. I fjor vinter vart det over 200 timar, men da var jakta utan resultat. Det har heile tida vore mykje fâr i området, men enten har jerven vore der natta før eller natta etterpå.

Nils trur det er fleire jervar som trafikkerer i området, så han vil fortsette jakta utover vinteren. Han har godt håp om at det skal bli fleire jervar denne sesongen.

Publisert: 3. februar 2011, 19:54