Etterlyser «Gutane i Trollheimen»
Oddvar Kvande i Surnadal etterlyser boka «Gutane i Trollheimen» som Leif Halse skreiv tidleg i sin forfattarkarriere. Boka er sjølvsagt ikkje å få kjøpt i nokon bokhandel lenger, og Oddvar ønsker derfor å låne boka slik at han kan få lese ho, eller aller helst kjøpe eit eksemplar dersom det er nokon som har eit eksemplar til salgs.