Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vel blåst på Kårvatn

Vel blåst på Kårvatn

Jon Olav Ørsal Sundag 31. januar 2010

Det har vore ei sers aktiv skihelg på Kårvatn denne helga. Skandinavisk mesterskap og NM er uvant kost i Todalen, men denne helga har det like fullt vore ein realitet.
Ivar Bolme har vore opp toppen med kamera, og har sendt oss mange fine og spektakulære bilete som du kan sjå i galleriet nedafor her.
Bileta talar for seg, og det er ikkje rart at utøvarane lika seg godt i fjellheimen her. Mange ga uttrykk for at dette var det finaste og flottate skirennet dei har delteke i. Gudmund Kårvatn og Todalen Idrettslag fekk stor honnør for arrangementet og gjennomføringa frå utøvarane.
Det er stor muligheit for at Kårvatn og Todalen kjem på det faste arrangementskartet i fortsettinga. Det står det respekt av.
Resultatliste frå søndag finn du her
Alle foto: Ivar Bolme (fjellbilder), Jon Olav Ørsal og Jon Bruset

Foto: Ivar Bolme


Foto: Jon Olav Ørsal

Foto: Jon Bruset

Publisert: 31. januar 2010, 19:00