Turtips – Nauståfossen ved Kårvatn
Eit besøk til Nauståfossen er eit tips for ein fin dagstur. Bilveg fram til Kårvatn der det er stor parkeringsplass med gratis parkering og ein halvtimes fottur etter veg og sti fram til Nauståfossen. Hugs å ta med litt solide sko, f.eks. fjellsko eller solide joggesko. På Kårvatn kan du også besøke den nye butikken på låven. Kårvatn Fjellutstyr er verd eit syn i seg sjølv, men du kan også få kjøpt mange slags sportsutstyr her.
Les heile saka