Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trollheimsmarsjen – 29. august

Trollheimsmarsjen – 29. august

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juli 2010

29. august er det klart for ein ny Trollheimsmarsj, den tredje i rekkja etter at den vart introdusert som jubileumsmarsj da både Todalen idrettslag og I.L. Ulvungen feira 100 årsjubileum i 2008.
Den gongen var det over 300 deltakarar, og denne rekorden har vi tenkt å slå ettertrykkeleg i år, seier Nils Ove Bruset som er ledar i Todalen idrettslag og medlem av arrangementskomiteen for Trollheimsmarsjen.

Opplegget er det same, start på Bordholmen i Todalen og merka løype over fjellet via Vardan til Leikvoll på Ålvundeidet. På vegen over fjellet på den 13 km lange turen er det lagt inn ein natursti-konkurranse, og pause med samling på Vardan. Premieringa skjer ved loddtrekkjing og det blir sett opp mange fine premiar, i tillegg til at deltakarane får ein pins for kvar 1. , 3., 5, og 10. deltaking i turmarsjen.

Som før blir det sett opp bussar frå Ålvundeid til Todalen før start og etter målgang på ettermiddagen.
Turen går frå Bordholmen i Todalen og opp Haukålia til Ørsal-setra og vidare over til Vardan som er turens høgaste punkt på ca 850 m.o.h.. Vidare forbi Kjerringvatnet, ned heistraseen i Børsetlia og til Leikvoll stadion, der det blir middag å få kjøpt og muligheit for å ta ein dusj.

Nils Ove oppfordrar til å sette av dagen til deltaking på Trollheimsmarsjen. Han fortel vidare at det vil kome meir informasjon gjennom annonsar og plakatar når tida nærmar seg. trollheimsmasjen er eit samarbeidsprosjekt mellom I.L. Ulvungen, Todalen I.L. og Trollheimstunnele AS som er hovedsponsor.

Publisert: 12. juli 2010, 12:00