Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7056 artiklar i dette arkivet.


Superlotteri på Todalsdagen

Superlotteri på Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Sundag 24. juni 2012

Loddsalget er alt i gang for det tradisjonelle «Superlotteriet», der det er trekning under Todalsdagen. Søndag var Frikk H. Talgø og Jens Olav Moe på plass framfor Matkroken L.Hals for å drive førehandssalg av loddar. Dei var godt nøgd med salget, for dei aller fleste som passerte på tur inn eller ut av butikken, stoppa for å kjøpe lodd.

Les heile saka

Nyfødd "Halling"

Nyfødd "Halling"

Jon Olav Ørsal Sundag 24. juni 2012

I morgontimane i dag vart det oppdaga at det har vore kalving i beita ovafor Husby. Det er Olav Halle som leiger beite her, og det går 5-6 kyr her som etter kvart skal kalve. Men ein av kalvane hadde det litt travelt med å kome til verden, og det har nok skjedd i løpet av det siste døgnet. Det var Jon Husby som oppdaga den nye krabaten, og kva er vel meir naturleg enn at den nye oksekalven da får namnet "Jobus"? Det er iallfal vårt forslag.

Les heile saka

Finn fram lopper til loppemarknaden!

Finn fram lopper til loppemarknaden!

Borghild Betten Talgø Sundag 24. juni 2012

Vi i loppekomiteen vil først få takke for alle lopper vi har fått tidlegare år. No er vi i gang igjen med førebuing til loppemarknaden under Todalsdagen 2012 som blir arrangert laurdag 30. juni. Og da treng vi nye lopper. V er interessert i det meste; bøker, barnebøker, blader, leiker, småtre, koppar og kar og ting og tang. Loppene må væra heile og i orden. ta kontakt med Borghild på telefon 908 41 614 når som helst, og vvi kan ordne avtale om levering og eventuelt hjelp til henting.

Les heile saka

Stavgang til Nauståfossen

Stavgang til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. juni 2012

Sist torsdag var Stavganggruppa på tur til Nauståfossen på Kårvatn, og denne gongen var det heile 55 deltakarar. Dei starta ut frå parkeringsplassen på Kårvatn. Dei mellomlanda på Myrvang, der det var både kaffe og bakels med tilbehør, og kulturelt innslag. Lars Vang og Guri Saltnes hadde med seg fele og trekkspel, og Fredrik Sjøflot hadde med blokkfløyte.

Les heile saka

Marknadsgata har opna

Marknadsgata har opna

Jon Olav Ørsal Fredag 22. juni 2012

Laksefestivalen kom så smått igang torsdag, med tivoli, laksekonferanse, kunstutstilling og Surnakveld i Kulturhuset. Fredag opna markandsgata, og kulturskulen har opningsshow på hovudscena før det blir fiskekonkurranse i Surna og utekonsert med Stage Dolls og Batteri på hovudscena. Laurdag startar dagen med fellesfrukost framfor Kløverstua, før det fortsett med open dag på Svorka og marknadsgate.

Les heile saka

Nauståfossen – turforslag

Nauståfossen – turforslag

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. juni 2012

Frå Jon Bruset har vi fått ein e-post med ein serie med bilder frå Nauståfossen. Han anbefaler å ta ein tur for å sjå på fossen no. Han skriv: «Etter regnveret i natt var Nauståfossen eit mektig skue i dag. Ta turen og opplev fossen med stor vassføring. Ein kort og lett tur på flat mark. Den som vil gå litt lengre, kan fortsette etter merka sti til trimposten ved Naustådalsetra.»

Les heile saka

Ein ubuden gjest på kjøkkenet…

Ein ubuden gjest på kjøkkenet…

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2012

Eg veit ikkje kven som vart mest forundra, røyskatta eller Per Åke, da røyskatta kika opp av bestikkskuffa vår! Det var stilt i nokre sekund før røyskatta kjefta på Per Åke, som om det var han som var inntrengaren! Ho har levd godt under og bak kjøkkenbenken, der ho har fått tak i matrestar i «hønsematbøtta», og lagt seg under oppvaskmaskina å kosa seg! No er iallefall musene vekk! ;-).

Les heile saka

Baill for aill på tysdagar

Baill for aill på tysdagar

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2012

Sist fredag var det klart for opning av ny sesong på Todalshytta. I år som i fjor og dei siste åra er det Åse Grydeland Øyen som er vertinne og drivar. Ho måtte nok tjuvstarte den nye sesongen litt, for torsdag 14. kom mange laksefiskarar til hytta. Dei skulle ha med seg starten på laksefisket i Toåa. Årets laksefiske starta nemleg natt til fredag, og da stod dei nok klare på elvekanten. Åse fører vidare tradisjonen med bailldag på tysdagar. Potetballen er fast på menyen kvar tysdag gjennom heile sommaren, og det setter folk stor pris på, både todalingar og andre.

Les heile saka

Pussar til Todalsdagen 2012

Pussar til Todalsdagen 2012

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2012

Tysdag kveld var det «full puss» på Bordholmen, og klargjering til Todalsdagen som arrangeres laurdag 30. juni. Da kjem eit førtital fotballag med knøtter, miniputter og lilleputtar på Todalscup og da må anlegget vera strøkent. Det var fleire arbeidslag som var i aksjon rundt omkring på anlegget, der nokre dreiv rydding i lagerbygget medan andre dreiv slåttearbeid eller reparerte utgarden som vart øydelagt av stormen Dagmar i vinter.

Les heile saka

Laksen biter i Toåa

Laksen biter i Toåa

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juni 2012

Litt regn det siste døgnet gjorde susen for laksefisket i Toåa. Det vart litt større vassføring og det ga litt farge på vatnet. Ein blidspent halsabygg som heiter Johan Nygaard, kom til Todalshytta med ein fin holaks tysdag ettermiddag. Vekta stoppa på ca 6 kg og den var 86 cm. Nygaard tok laksen i Skjorahølen, og det […]


I kveld: Dugnad på Bordholmen

I kveld: Dugnad på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juni 2012

Tysdag kveld er det dugnad på Bordholmen, der førebuing på Todalsdagen står på programmet. Det er behov for alle slag redskap som kan kome til nytta i dette arbeidet. Dugnaden startar kl 18.00. Banesjef Håvard Halset er ansvarleg for å koordinere arbeidet og fordel jobbar på mannskapet, og han lokkar med dugnadskaffe når det lir utpå […]


Torstein med i «Allsang på grensen»

Torstein med i «Allsang på grensen»

Jon Olav Ørsal Tysdag 19. juni 2012

Torsdag 21. juni startar TV-serien «Allsang på grensen» på TV2. Det er ein serie på 7 program som sendes frå Fredriksten Festning i Halden, og går på torsdagkveldar gjennom heile sommaren, med Katrine Moholt som programledar. Alt i premiere programmet er kvennalandingen Torstein Snekvik ein av gjestane, der han får godt selskap av mellom anna Madcon, Hanne Sørvaag, Maria Haukaas Mittet, Venke Knutson, Halvdan Sivertsen og med Vinni som gjesteprogramledar.

Les heile saka