Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
No kjem finvêret

No kjem finvêret

Jon Olav Ørsal Måndag 8. oktober 2012

Etter eit par dagar med regnvêr utan like, er det endeleg betre langtidsvêr i sikte. På tampen av morgondagen meldes det litt regn, men eller er det berre fryd iallfall fram til onsdag 17. oktober. Vi får berre håpe at yr.no har treft på denne gongen? Dei trefte iallfall på med meldinga sist søndag, da dei meldte til dels store nedbørsmengder for oss på «indre». Etter meldingan på yr.no, skulle det kome 70-80 mm nedbør i løpet av gårdagen fram til midnatt. Dei meldte og at det skulle bli 5-årsflum, men der bomma dei!

Målingane til NVE oppå Storfossen viste at vassføringa steig jamnt og trutt utover dagen, frå 1,5 m3/sek søndag morgon, til den viste 57,0 m3/sek da den var på det høgaste søndag kveld kl 23.30. Frå midnatt minka vassføringa jamt, til den var komen under 20 m3/sek måndag kl 11. Flaumgrensa for målingane ved Storfossen er definert slik:

  • Middelflaum: 53 m3/sek
  • 5-årsflaum: 64 m3/sek
  • 10-årsflaum: 73 m3/sek
  • 50-årsflaum: 92 m3/sek
Først publisert: 8. oktober 2012, 19:09 - Sist oppdatert: 9. oktober 2012, 07:11