Ny laksesesong starta med grillkveld og lokal kultur
Todalshytta markerte i lag med Todalen elveeigarlag at ny laksesesong starta natt til laurdag. Med mykje god grillmat, og kulturelt innslag med Johanne Holten, vart det ei triveleg markering av starten på 2024-sesongen i Toåa. Vêrgudane kunne nok ha vore litt meir slepphendte med sol og varme, men det var da eit godt alternativ å fortsette innomhus etter kvart.