Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinvika er som eit skattekammer

Jon Olav Ørsal Laurdag 25. mai 2024

Laurdag arrangerte Todalen historielag ei historisk vandring i Svinvika,  og i Svinviks arboret. Med Sven Olav Svinvik som dyktig guide, vart dette ein svært interessant dag for eit trettital interesserte og lydhøre deltakarar.  Det er eit enormt historisk materiale som finnes på garden, og dette er teke godt vare på – både utstyr og hus. Sven Olav er sjølv veldig interessert i historia til garden og har samle ein enorm kunnskap om garden opg gardshistoria – i dag fekk vi nyte godt av dette.

Sven Olav var ein kunnskapsrik og god formidlar av gardshistoria. her ved det gamle kvernhuset på garden. Foto Jon Olav Ørsal

Sven Olav har sjølv budd på garden sia 1969, og han har drive garden i perioden 1973 til 2015 – først som forpaktar og sia sjølveigar fra 1980.  Garden har tilhøyrt Nidaros bispesete, men familien svinvik kjøpte den ut i 1643 – og noe er det 13. generasjon som eig og driv garden – Tore og Kristina.  Svinvika har vore eit knutepunkt med veg gjennom «Hamran» alt i 1896, seinare vart det veg nedmed sjøen i 1938 og Svinviktunnellen kom i 2001.  Elles er det 2 kraftlinjer som kyryssar fjorden her og to som går innover mot Todalen – dei kom alle i periode 1953 til ut i 90-talet.  

Sven Olav fortalte om husa på garden, når dei var bygd og kva dei var bruka til.  Det er enno eit tjuetal hus på garden, som blir tekne vare på og bruka til litt forskjellig. På 60-talen vart både våningshuset og fjøset flytta, da daværande eigar var bekymra for rasfare i hamrane ovafor garden.  i 1848 gikk det nemleg ei stor skrøå som gjorde stor skade – det skjedde etter at det hadde regna i ei heil veke. I dag er det berre trappa og låvetrappa som står att som minne om kvar husa stod.  Stabburet er i dag det eldste huset på garden og stammar frå 1600-talet. 

Våningshuset og fjøset på garden var flytta på 60-talet på grunn av rasfare. Foto Jon Olav Ørsal

I Svinvika var det langt til næraste nabo, så Sven Olav meinte at det var difor at det fantes så mykje utstyr og hjelpemiddel på garden – ein måtte være sjølvhjelpt på alle frontar.  I 1898 fikk garden eige brevhus – det var i drift fram til 1971 og hadde postnummer 6644.  Ein gammel dieselmotor er teken vare på som eit minne om den tida da den var ein viktig brikke i drifta av sagbruket og trøskarverket både i Svinvika og på Hjellnes.  

Sven Olav fortalte om seterbruk og slåttamark -båtbygging og smedarbeid. Setra i Svinvikbotn var i bruk til 1953 og seinar vart ho teken av ras- eller gufsen av eit ras i 1978. Ola Svinvik var ein driftig kar, som blant anna bygde ny sag på 50-talet, og det går enda historier om da han var med Harald Nordvik til Trondheim for å kjøpe kjetting til saga.  Ola var kledd i vadmelsdress og det var kanskje ikkje så tillitsvekkande med tanke på betalingsevne.  Men Ola dro opp pengeboka frå innerlommen og da vart kjettingselgaren overbevist om at det var «likvider» nok.

Katarine serverte eplemost som var laga av epler frå frukthagen i arboretet. Foto Jon Olav Ørsal

Egentleg var det Hallvard Svinvik som var odelsgut i Svinvika, men Hallvard drogs med synet og faren meinte at det var best at Ola tok over.  Dermed fikk Hallvard Svinvikgjengstøa i staden, og det vart starten på det som i dag er Svinviks arboret.  Omvisninga fortsette i arboretet, og her var det Ola Bruset som orienterte om det organisatoriske delen, og fagleg leiar Katarina Wedelsbäck Bladh som kommenterte den faglige delen.   Hallvard fikk kongens gull for si verksemd i arboretet.  I 1970 gav han bor arboretet til Vitenskapsselskapet i Trondheim som fortsette aktivitetane i arboretet. Seinare har det hamna i Surnadal kommunes eie, og blir i dag drifta av Normøre museum.  

John Moe er leiar i Todalen historielag – han var godt nøgd med at heile 30 interesserte vart med på dagens historiske vandring i sommarvarmen. Foto Jon Olav Ørsal

Den siste tida har det vore jobba mykje med å reetablere frukthagen som ein genbank, og dette arbeidet er kome så langt at det pr i dag er gjenoppretta rundt 85% av dei gamle sortane som fantes i frukthagen i Svinviks arboret.  

 

Publisert: 25. mai 2024, 17:07