Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7004 artiklar i dette arkivet.


Elevane inviterte på «Ti-kaffe»

Elevane inviterte på «Ti-kaffe»

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. januar 2013

Sist fredag arrangerte vi ved skulen i Todalen Ti-kaffe. Elevane hadde invitert familie og andre interesserte til kaffelag. Det kom riktig mange gjester, og det vart ei riktig triveleg føremiddagsstund. Elevane hadde øvd inn program – litt nytt, og noko var reprise frå førjulskvelden. Aktørane på scena var entusiastiske, og gjestene i salen kosa seg med det dei såg og høyrde!

Les heile saka

NM Randonee – Ola Hovdenak vart meister

NM Randonee – Ola Hovdenak vart meister

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. januar 2013

Ola Hovdenak let ikkje sjansen ga frå seg under laurdagens Randonee-NM i Strengen. Før start var han skeptisk til om jule-influensaen var ute av kroppen, men med førsteplass og sluttid på 1.18.12 kan det ikkje være mange influensavirus igjen i kroppen. I dameklassen vart det Malene Haukøy som vart Noregsmeister på tida 1.12..23, men beste tid hadde Emilie Forsberg frå Sverige. I klassen menn junior var det Eirik Haukøy som toppa, på tida 1.14.38 og til i klassen jenter 15-16 år gikk sigeren til søstera Andrine Haukøy.

Les heile saka

Nye jobbar i nytt senter

Nye jobbar i nytt senter

Jon Olav Ørsal Fredag 11. januar 2013

I fredagsavisa til Driva er søker Talgø-selskapa Byggmakker og Hageland etter nye medarbeidarar. Saman med den nye avdelinga for Flisekompaniet i Byggmakker, vil dei ha behov for fleire nye medarbeidarar til butikk, flisavdeling og til hagesentret. Det nye senteret vil tilsaman få ei salsflate på rundt 6000 m2, der Byggmakker, Flisekompaniet og Hageland blir å finne.

Les heile saka

Laurdag: Klart for randonee-NM!

Laurdag: Klart for randonee-NM!

Jon Olav Ørsal Fredag 11. januar 2013

Laurdag kl 11 går startskotet for randonee-NM ved Strengen med Todalen Idrettslag som arrangør. Det var egentleg duka for stor NM-helg på Kårvatn, men snømangel sette ein effektiv stoppar for det. I Strengen-området er det meir snø slik at NM-konkurransen kan avviklast, medan resten av rennøvelsane går ut. Rennledar Nils Ove Bruset fortel at det er fine forhold i Strengen, og det blir nok kamp om medaljene.

Les heile saka

Regn og mildvêr truar randonee-NM

Regn og mildvêr truar randonee-NM

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. januar 2013

Regnvêret dei siste dagane skaper problem for NM-arrangøren Todalen idrettslag. Det er no klar at det ikkje blir arrangement på Kårvatn slik det var planlagt. Snøtilhøva på Kårvatn og i området opp mot Tydalsnebba gjer det umuleg å gjennomføre arrangementet her, fortel rennledar Nils Ove Bruset. Men har enno håp om å kunne gjennomføre det eine løpet som er Randonee-NM ved å flytte arrangementet til Sæterlia i Surnadal.

Les heile saka

Ny sesong på Velværesentret

Ny sesong på Velværesentret

Jon Olav Ørsal Fredag 4. januar 2013

På Surnadal trenings- og velværesenter markerer dei starten på det nye året med nybegynnartimar. Det skjer frå neste veke og varer i fire veker framover. Da startar dei også oppatt med barnedans og klatring igen. Har du lyst til å bli med så kan du kom innom, ringe eller send e-post. Tlf 93 06 70 72 […]


Eldremiddagen startar på

Eldremiddagen startar på

Jon Olav Ørsal Fredag 4. januar 2013

Eldremiddagen atartar på igjen, etter nokre veker med juleferie. Førstkomande onsdag (9.1.) fylles grytene igjen, og første kokkelag ut er Grete Torvik og Karen Johanne Talgø som kan by på ertesuppe og steikt potetball, kaffe og kake til dei som møter opp. Det skjer som vanleg i Sanitetshuset, og middagen er klar for servering kl 13.00. […]


Ordføraren takka for innsatsen…

Ordføraren takka for innsatsen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

I dag fikk vi en hyggeleg telefon til redaksjonen i Todalen.no. Det var ordførar Mons Otnes som ringte for å takke alle som hadde vore med og hjelpt til med å etablere beredskap da bygda vart utan telefonsamband 2. juledag. Todalen.no var da først ute med informasjon om feilen på telenettet, og informasjonen kom derfor fort ut slik at den komunale beredkapen vart ivareteken. Otnes rettar ein spesiell takk til brannvaktene som stillte opp, og som raskt etablerte beredskap ved hjelp av satelitt-telefon og jaktradioer. Otnes fortalte at fylkesmannen også var imponert over organiseringa og kor godt dette hadde fungert.

Les heile saka

Mykje å gle seg til på kulturhuset i januar.

Mykje å gle seg til på kulturhuset i januar.

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

Kulturkalenderen for Surnadal kulturhus er klar, og den inneheld mange godbitar for den som er kulturinteressert. I tillegg til kino kvar onsdag, fredag og søndag, har dei mykje anna å tilby. Vi kan nemne: Laurdag 12. kl 13.00 er det opning av kunstutstillinga Vintersyn i Finstuå. Her er det Kristian Finborud frå Voss som er utstillar. Med teknikker som etsning og aquatint, har han blitt kjent for sine humoristiske motiver, karikaturer av norsk folkesjel, så vel som landskapsskildringer.

Les heile saka

Biblioteket startar på igjen torsdag.

Biblioteket startar på igjen torsdag.

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. januar 2013

Torsdag 3. januar er det klart for første opningsdag i bibliotetet, melder Karen Johanne Talgø. Todalen filial er open kvar torsdag frå kl 18.00 – 20.00 for utlån av bøker, lydband og filmar. Ho ønsker alle godt nyttår til alle, og håpar at både store og små er flike til å bruke biblioteket i 2013 […]


Stor trafikk på Todalen.no

Stor trafikk på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Sundag 30. desember 2012

Det har vore stor trafikk på Todalen.no i jula. Trøbbel med telefonforbindelsen inn til Todalen har nok sett ein ekstra spiss på besøksfrekvensen, i tillegg til julerevy og romjulsmarsj. Romjulsmarsjen har i skrivande stund passert 600 treff sidan 4. juledag. Hittil i år er det registrert over 272.000 besøk på nettsida, som er ei auke på 26,5 % samanlikna med 2011. Det er tal som redaksjonen godt nøgd med.

Les heile saka

Romjulsmarsjen – bra deltaking

Romjulsmarsjen – bra deltaking

Jon Olav Ørsal Fredag 28. desember 2012

Det var nok ei fornuftig avgjerd å utsette Romjulsmarsjen til 4. juledag, for gårdagens snøfokk hadde nok gjort dørstokkmila lang for mange. 4. juledag var det prima forhold for den 6 km lange turen rundt bygda og trimgruppa er godt nøgd med at 124 registrerte seg for rundturen og vart servert varm gløgg eller kakao som varma godt i det kalde vêret. Det blir tross alt litt kald når gradstokken kryp under null, sjølv om det berre var 4-5 kuldegrader i lufta. Todalen.no tok turen rundt bygda med kamera, og resultat finn du i eit galleri nedafor.

Les heile saka