Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7203 artiklar i dette arkivet.


Todalen-Kvanne – minutt for minutt

Todalen-Kvanne – minutt for minutt

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2013

I kveld er det premiere for nylaga video om ferjeturen frå Todalen til Kvanne «minutt for minutt». Ein treng vel ikkje grave så djupt etter den ideen, etter NRK har vist Hurtigruta langs kysten på denne måten. Etter at skipperen «nylanserte» ideen søndag, vart det bestemt at turen frå Todalen måndag kl 9.15 var eit høveleg tidspunkt. Visste at Jon Are Husby hadde litt erfaring med dette, og han var habil til å være med på eit forsøk.

Les heile saka

God merking gjer turen trygg…

God merking gjer turen trygg…

Jon Olav Ørsal Måndag 26. august 2013

I Trollheimen finns det eit nettverk med ruter mellom hyttene som Trondhjems Turistforening (TT) og Kristiansund og Nordmøre turistforening (KNT) har. Merkinga av rutene skal gjera det trygt å ferdast i fjellet, sjølv om det blir litt ruskvêr og tåke. Sondre Halset har teke på seg merkinga på ruta mellom Kårvatn i Todalen og Trollheimshytta. No er han igang med merkinga av denne ruta, og har sendt oss nokre bilde og litt informasjon om korleis dette arbeidet blir utført.

Les heile saka

Henning-tonar på ein anna måte

Henning-tonar på ein anna måte

Jon Olav Ørsal Sundag 25. august 2013

Henning Quintetten har våre på ein seinsommarleg miniturne, med førestilling i Tingvoll kyrkje laurdag og todalen kyrkje søndag ettermiddag. Mellom førti og femti let seg lokke på konsert i Todalen kyrkje for å høre «Henning-tonar». Nokre var kanskje førebudd på at dei fekk høre tradisjonelle Vårsøg-tonar på denne konserten, men dei fikk i tilfelle ei heilt anna musikalsk oppleving enn dei forventa.

Les heile saka

Finvêrstur til Solåsen

Finvêrstur til Solåsen

Vidar Sogge Fredag 23. august 2013

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 22. august ved bomstasjonen for Vestre Nordmarksvegen og køyrde samla til Solåsvatnet. Frå parkeringsplassen nede ved vatnet følgjer vi den blåmerka stien som fører til Vaulen. Etter eit kvarters gange kjem vi til Gardsbekken, som buktar seg nedover og har grave seg djupare og djupare ned til han endar i eit trongt jel. Dårdi Sylte sto i spissen for å få bygd ei bru over Gardsbekken i 1993, slik at vi i dag utan vanskar kan koma oss over på andre sida.

Les heile saka

Sprengning – men arbeidet tek tid

Sprengning – men arbeidet tek tid

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2013

Arbeidet på rasstaden er kome igang, men det vil nok ta litt tid før vegarbeidet kan starte. Første må store steinblokker oppe i rasområdet fjernast, slik at det blir trygt å starte vegarbeidet. Tidens Krav skriv i dag at det kan ta nye veker før vegarbeidet kan kome i gang, og Ivar Hol i Statens vegvesen er usikker på kor lang tid det vil ta.

Les heile saka

Gruppelevering – nytt for Nortura

Gruppelevering – nytt for Nortura

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2013

Stengt veg og ferjetrafikk skapaer mange utfordringar i kvardagen. Torsdag skulle Nortura hente slaktdyr hos fleire levarandørar i Todalen. Problemet var berre at det var litt knapp tid til ferjeavgang, og tilsvarande lang tid til neste avgang. Løysinga vart at Nordtura kjørte til Viastua, og at dei andre bøndene kom det med sine slaktdyr.

Les heile saka

Funnet! – Leiteaksjon i Oppdalsfjella avslutta

Funnet! – Leiteaksjon i Oppdalsfjella avslutta

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. august 2013

Det har pågått ein leiteaksjon i området ved Gjevilvassdalen i Trollheimen. Det har vore leita etter ein person som i går vart meldt sakna i området ved Gjevilvasskamman. Vêrtilhøva hindra leiting med helikopter i natt, men i morgontimane vart meir mannskap og fleire  helikopter sett inn. Eit helikopter fann den sakna etter kort tid, og vedkomane er no frakta […]


Torsdag: Biblioteket opnar igjen

Torsdag: Biblioteket opnar igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. august 2013

Torsdag 22. august er Karen Johanne Talgø på plass i biblioteket igjen. Da startar eit nytt bibliotekår, og vidare utover hausten blir det ope kvar torsdag mellom kl 18 og 20. Karen Johanne ønskjer både gamle og nye boklånarar velkomne til biblioteket, der ho kan by på både bøker, lydbøker og videoar.

Les heile saka

Framleis problem med parkeringa i Svinvika

Framleis problem med parkeringa i Svinvika

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. august 2013

Det er framleis problem med å få reisande med skyssbåten til å parkere lovlig ved Svinvika, fortel kommunalsjef Inge Skogheim. Han presiserer at det er parkeringsforbud frå postkassestativet/melkerampen ved fylkesvegen inn til Todalen, og heile vegen nedover til hurtigbåtkaia. Det er parkeringsplassane ved hovudvegen som skal brukast til parkering. I tillegg kan du bruke gammelvegen […]


Søndag: Seks kvinner med Henning-tonar!

Jon Olav Ørsal Tysdag 20. august 2013

Seks musikkglade damer besøkjer Todalen med tonar av Henning Sommerro førstkomande søndag ettermiddag. Sigrid Vetleseter Bøe er songsolist med blåseensemblet Henning Qvintetten. Namnet Qvintetten har kanskje dobbel botn: Det er utelukkande «quinder» som trakterer dei fem instrumenta i blåse-kvintetten: Marthe Belsvik Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), Berglind Haldorsdottir (klarinett), Magnhild Tafjord (horn) og Ingunn Fjellang Sæther (fagott). Dei kom saman som som Møre-musikarar.


Nattlosji for Førdefjord

Nattlosji for Førdefjord

Jon Olav Ørsal Måndag 19. august 2013

BF Førdefjord skal få sitt nattlosji ved kai på Ansnessaga. Frå tysdag kveld vil ferja slippe å gå til Halsa for å legge til kai om natta. Dermed får ferja frigjort til bruk i sambandet mellom Todalen og Kvanne, og kan både starte og avslutte rutetilbodet i Todalen. Tysdag vil det kome nye rutetider som blir gjort gjeldande frå onsdag morgon, fortel kommunalsjef Inge Skogheim i Surnadal kommune.

Les heile saka

Nytt skuleår – 4 startar i første!

Nytt skuleår – 4 startar i første!

Jon Olav Ørsal Måndag 19. august 2013

Måndag starta skulen på igjen, og da er det berre å konstatere at sommarferien er over for den yngre garde. Kl 8.30 i dag tidleg var heile gjengen samla på skuleplassen og klare til å ta fatt på eit nytt skuleår. Trur faktisk alle var glade for å treffast på skulen igjen, men spesielt var det nok for dei 4 som skulle starte i førsteklassen. Men dei finn nok tonen ganske fort, og det såg ut som klassekontakt Britt Mossing fikk god kontakt.

Les heile saka