Nytt: Historielaget på film og Facebook
På årsmøtet til Todalen historielag var det premiere for videofilmen Todalsfjorden minutt for minutt. Filmopptaka vart gjort i byrjinga av september 2013, på ein av dei siste turane som ferja Førdefjord gjorde mellom Todalen og Kvanne. Det var daverande ledar i Todalen historielag, Maren Ansnes, som hadde ideen til filmen og Svein åge Saksen som gjorde filmopptaka. No er DVD’n på marknaden med eit redigert opptak på rundt 30 minutt.