Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kan du få alt på eitt brett!

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. juni 2014

Eller i alle fall ganske mykje: Surnadal Folkebibliotek lånar no ut e-bøker som du kan lese på ditt nettbrett, lesebrett eller mobiltelefon. Dermed overlever du også sommaren – sjølv om filialen i Todalen er sommarstengt. Finn fram lånenummeret og pin-koden din og last ned appen eBokBib, og så er det berre å «dra» deg gjennom samlinga av e-bøker og velje den du vil ha, skriv Steinar Hasselø på Surnadal Folkebibliotek i ein e-post til Todalen.no

Manglar du lånenummer: Gå på biblioteket og registrer deg som lånar. Manglar du pin-kode: Gå inn på nettsida til Surnadal Folkebibliotek og be om ny kode som blir sendt til din e-postadresse (denne må vere registrert hos biblioteket).  Manglar du nettbrett eller mobil: Vel, vi har framleis ei stor samling av bøker på papir …

Men har du nettbrett, kan det ha sine fordelar, sjølv for deg som har eit skrantande syn. For du kan regulere skrifttype og kor stor du vil ha skrifta. Dessutan kan du når som helst nytte deg av dette døgnopne tilbodet – og det heimafrå! Du kan «sende tilbake» e-bøkene du har før lånefristen din går ut. Dei vil uansett forsvinne frå nettbrettet din på siste utlånsdato. Dermed slepp du også å stresse med å levere inn bøkene tidsnok. Så slapp av med ei e-bok i sommar!

Du finn meir informasjon om tilbodet på www.mrbiblioteket.no/surnadal.

 

Publisert: 18. juni 2014, 22:26