Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7253 artiklar i dette arkivet.


Oppskyting – Snart klart for haustjakta

Jon Olav Ørsal Tysdag 5. august 2025

Hausten og ny jaktsesong nærmar seg med stormskritt.  I kveld var det mange som nytta høvet både til å ta skyteprøven og til å starte med prøveskyting – alle som tek skyteprøven skal ha 30 obligatoriske prøveskot og dei skal fordelast på to kveldar. Da først får du prøve deg på skyteprøven som er 5 skot på ei viltskive med ein ring med diameter 30 cm der du må ha alle 5 skota innafor ringen – du må altså 5 treff!


Knut Ola og Ingeborg fekk eit heftig møte med bjørnen

Jon Olav Ørsal Måndag 4. august 2025

Knut Ola Høvik og Ingeborg Hamnes frå Surnadal fekk heftige minner frå fotturen i Trollheimen.  Dei la ut frå Todalshytta laurdags morgon som første etappe på rundturen. Dei hadde planlagt å ta turen til Innerdalen, vidare til Storlidalen og heimatt gjennom Gammelseterdalen og Kårvatn – alt dette på ein dag og 52 km til fots.
Det meste av turen gjekk utan noko form for dramatikk. Siste etappe gjekk frå Storlidalen mot Kårvatn, etter turistruta via Tovatna og gjennom Gammelseterdalen.  Denne turen er sett til 4-5 timar, så det vart etter kvart behov for å bruke haudlykt på siste delen av turen gjennom skogen i Gammelseterdalen.


Løyperekord – Aron var suveren i Meråker

Jon Olav Ørsal Måndag 4. august 2025

Aron Rodal Haugen sette ny løyperekord på 21 K fjellhalvmaraton på laurdagens Meråker Mountain Challenge 2025. Han kom inn på tiden 1:45:30, som er ny løyperekord. nr 2 vart Vemund Johnsborg på tida 1:57:10 og på tredjeplass Torleif Syrstad på tida 1:59:59.


8.-plass i Skyracing-VM for Isak

Jon Olav Ørsal Sundag 3. august 2025

Isak sikra seg i dag 8.-plassen i VM i Skyracing i Italia. I konkurranse med eit knapt førtitals deltakarar i sin klassa hamna han til slutt på ein 8.-plass og det er det nok god grunn til å være nøgd med i slikt selskap.  Det var i dag tidleg fellesstart for alle klassar kl 8.15 og det var fine forhold for dagens løp, med temperatur på 15-16 grader.



SJFF: Inviterer til fiskkonkurranse på Nordvik

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. august 2025

Den årlege fiskekonkurransen i regi av Surnadal JFF går av stabelen torsdag 7. august mellom 18:00 – 20:00.  Det skjer på Nordvik, nærare bestemt ved Røe-Slettneset, med Ola Røe som vertskap. Her blir det båttur med fiskekonkurranse og etterpå blir det grilling og sosialt samvær.  Arrangementet er både for store og små, og det blir høve til å bli med på båttur ut på fjorden for å prøve fisket. 


Isak på 6. plass i sin klasse i junior-VM i Italia

Jon Olav Ørsal Fredag 1. august 2025

Isak Drøpping deltek denne helga i junior-VM i Skyrunning i Italia.  Isak representerer Trollheimen fjellsportklubb, og er i Fonte Cerreto i Italia saman med ei gruppe på 18 løparar som er uttekne til å ta del i junior-VM i Noregs fargar.  I dag var det vertikal (rettare sagt motbakkeløp) som stod på programmet i den sterke varmen.  Her var det ingen som kunne slå spanjolen Biel Sagues Roviva som kom i mål på 37,30 – Isak kom på 6.-plass på tida 42,57  altså + 5,28.  Det er eit resultat som han bør være nøgd med i varmen som no rår i Italia. 


Godt fiske etter gjenopninga av Toåa

Jon Olav Ørsal Fredag 1. august 2025

Etter at Toåa var stengt for fiske nokre dagar på grunn av lita vassføring og høg vasstemperatur, har det vore godt fiske den siste veka.  Den siste veka er det teke 10 laks og aure – det mestesmålaks – tilsaman er det no teke 40 laks og sjøaure i denne sesongen som har vore litt spesiell.


Gler seg til å starte på heimebane

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. juli 2025

No er det knappe tre veker til Kårvatn Skyrace 2025, som arrangerast på Kårvatn laurdag 16. august.  Det ligg an til rekorddeltaking, og det har alt kome påmelding frå 40 deltakar som altså stiller på startstreken i gardstunet på Kårvatn.  Erik Kårvatn som er fast inventar på randonee-landslaget stiller til start på heimebane denne dagen, og er godt forbredet på det.  – Eg har aldri vore så godt trena som eg er no, og eg gler med til full rundtur i 29 km-løypa.


Turtips på ein regnvêrsdag: Ta ein tur til Todalen og Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 27. juli 2025

Dagens turtips går ut på å ta ein tur til Todalen og svinge ein tur oppom koselege Todalshytta. Her finn du eit rikhaldig menykart med mykje godt, – mellom anna todalsburger med nykværna kjøtt, og vår nyheit på menykartet – biffsnadder, som får fantastiske  tilbakemeldingar, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.


Språkstund på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Sundag 27. juli 2025

Bjørn Heggset – utflytta nordmøring og ivrig dialektmann – er gjest på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden søndag 27. juli. – Saman med Bøfjorden Historielag og Bernt Bøe løftar han fram heimspråket vårt i full prakt og foreslår måtar å skrive det på.


Toåa – opnar for laksefiske igjen frå midnatt

Jon Olav Ørsal Fredag 25. juli 2025

Frå midnatt, natt til laurdag, blir det opna for laksefiske igjen i Toåa.  Vasstemperaturen er gått ned og vassføringa er på veg opp igjen, dermed er det forsvarleg å opne oppatt for laksefiske, seier leiar i Todalen Elveeigarlag Stig Husby til Todalen.no.