Nyttårsfest for eldre – populært tiltak
Surnadal demensforening og helselag inviterte til nyttårsfest for eldre torsdag ettermiddag og kveld. Liv Botten som er mangeårig leiar i foreninga var spent på om det vart nokon respons på invitasjonen, men der tok ho feil. Da fristen for påmelding var ute hadde ho over 80 namn på lista, og da var det berre å trø i gang i samarbeid med Thon Hotel Surnadal.