Ein gledens dag – klatrarar henta ned Natiri
Det er no temmeleg nøyaktig 4 veker sia Natiri kom bort under ein fjelltur. Eigar Anders Mo seier at det i dag er ein gledens dag, når Natiri i dag vart henta ned frå Blåfjellet. Det har vore dårleg vêr i fjellet – regelrett snøfokk – men det hindra ikkje klatrarane i å kome opp til funnstaden, sjølv om det var ulendt.