Søndag føremiddag fikk vi ei flott naturoppleving ved Langmyra, like før du tippar over og ned mot Halsanaustan og ferjekaia. Fleire skokkar med hjort kom i full fart frå området Reitan/Åsbøen over Langmyra og over vegen og fortsette til skogs.
Dei kom i stor fart og var kanskje skremt av jakt eller andre ting. Det tok fleire minutt før alle hjortane hadde passert over vegen, og rakk faktisk å finne kamera i baksetet og ta mange bilder før alle var kommet over vegen. Kor mange dyr det var er vanskeleg å anslå – kanskje ein plass mellom 50 og 100?
Fekk iallfall sjå at det er lurt å følge med vegkantane, for akkurat denne tida kan de gå føre seg jakt som uroar dyra og fører til at dei kjem uventa fort innpå vegen. Oppfordringa må være at ein tar det litt ekstra med ro i trafikken – og følger godt med i vekanten.