Tapt og funnet – kniv funnen ved Ansnessaga
Ein Brusletto-kniv (OL-modell frå Lillehammer – sjå biletet) er funnen like ved Ansnessaga i dag. Dersom du har mista kniven din, kan du få han att ved å ta kontakt med Matkroken Todalen.
Vi fann 7023 artiklar i dette arkivet.
Ein Brusletto-kniv (OL-modell frå Lillehammer – sjå biletet) er funnen like ved Ansnessaga i dag. Dersom du har mista kniven din, kan du få han att ved å ta kontakt med Matkroken Todalen.
Nye traktorar har lenge stått på ønskelista i Todalen barnehage, men no kan barnehagen melde at traktorane er på plass og at det er mange habile traktorkøyrarar i barnehagen. Dei nye traktorane er ein i raud farge og ein i grøn, men utanom farga ser dei ut til å være ganske like. – No står det berre på reiskap til traktorane, og det står kanskje rundt omkring i bygda som «tuvokse» utstyr, som barnehagen kan overta?
Jo Sverre hausta mykje applaus under konserten i Svinviks arboret søndag kveld, og trefte publikum heime med sjølskrevne låter på denne fine sommarkvelden.
På sjukeheimen har dei hatt eit prosjekt for å skape meir trivsel for bebuarane. Talgø Møretre spanderte i fjor ein flott terrasse på austsida av sjukeheimen der det var lett å ta med bebuarane ut på luftetur på ein enkel måte når vêret tilet det. I same prosjektet høyrte også ei hagestue, der det er tak over haudet dersom det skulle kome nokre regndråpar – som det ofte gjer på disse trakter. No er alt på plass, og fredag var det offisiell opning med ei lita markering.
Frå Finn.no har vi sakset en annonse der småbruket Lykkja (gnr 139 bnr 11) er til salgs, med ei prisantydning på kr 1.350.000. Våningshuset, som er bygd i 1903, har et bruksareal på 151 m2, med ei tomt på 8200 m2, der det også er med elverett
Håvard Halset er no lærar på det kommunale flyktningmottaket i Surnadal. Fredag hadde han invitert heile gjengen som hadde delteke på norskopplæring, og som no deltek på infoprogrammet som driv med sommaraktiviteter på besøk til Halset. Formålet med besøket var at deltakarane skulle gjøre seg kjente i distriktet, og dei skulle lære meir om korleis den norske kvardagen er.
I vinter reiste isfåra i Rossåa med gangbrua som gikk over elva nedafor Hopsetra i Kvennsetdalen. Brua låg i elva litt nedafor brufestet, og her var det heilt klart at det mått hjelp av helikopter til for å få ny bru på plass og til å frakte ned restane av den gamle brua. Tysdag kom helikopteret som skulle utføre transporten.
Jenny Klinge likar å ha kontakt med grasrota – torsdag morgon var ho på plass i Viastufjøset kl 7.30, for å delta i fjøsstellet. Vi trefte Jenny i «fjøsmundur», og vart med på morgonstellet og frukosten etter på.
Dei siste par vekene har det vore stor aktivitet på Bordholmen – arbeid for ungdom i kommunal regi har gjeve sommerjobb til 4 ungdomar og ferieaktivitet til opptil 11 born.
Søndag 9. juli kjem Jo Sverre Sande til Svinviks arboret for å halde konsert. Rindalingen har markert seg skikkeleg i musikkmiljøet dei siste åra, og var sist i Todalen som deltakar på låtskrivarseminaret på Todalshytta og deltok i den samanheng på konserten Raus 2017. No er han altså aktuell med eigen konsert i arboretet søndag kveld kl 18.00.
Seniorlaget til Todalen I.L. er ikkje med i serien, men har det artig med fotball likevel. Til helga skal dei til Bøfjorden for å forsvare Todalens æra under Bøfjordhelga. Vi reknar med å ta alle 3 poenga under denne kampen, skøyar fotballsjef Knut Bergli når vi snakka med han i dag.
Todalshytta melder om at det denne veka blir balldag på onsdag. Dette på grunn av at balldagen kolliderer med eit anna arrangement på Todalshytta denne tysdagen, melder Eric Malling som er vertskap på Todalshytta. Onsdag blir balldagen til vanleg tid – frå kl 14.00 til kl 17.00.