Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kjøp julekalender og støtt alpingruppa

Jon Olav Ørsal Fredag 24. november 2017

Laurdag er Isak Drøpping på plass på Matkroken for å selge Surnadal I.L.s alpingruppes julekalender.  Inntekta frå salet går til drift av alpinggruppa og for å halde prisane nede på heiskorta. 

Isak fortel at det er trekning kvar dag i desember, fram til julaftan og tilsaman 52 gevinstar som er med på trekninga.  Når du opnar dagens luke finn du eit nummer, og da er det berre å sjekke gevinstnumra på baksida av kalenderen – og sjå om du har vunne. 

Kvar kalender kostar kr 75, men kjøper du 3 får du 3 for 2 – altså kr 50 for kvar. Laurdag sitt Isak på Matkroken mellom 10.30 og kl 13.00, og du kan betale både med kort, Vipps og kontantar. Du kan også ringe inn bestilling på 920 94 273 og få julekalenderen bringa heim i Todalen, fortel Isak.

Publisert: 24. november 2017, 19:00