T.I.L’s julekalender – Trekning for 16. desember
Ny dag med ny trekning – tysdagens trekning har i alt 5 gevinstar. Dagens første gevinst er ein dreid trebolle, som får Elin Tørset brøske som ny eigarmann.
Vi fann 7198 artiklar i dette arkivet.
Ny dag med ny trekning – tysdagens trekning har i alt 5 gevinstar. Dagens første gevinst er ein dreid trebolle, som får Elin Tørset brøske som ny eigarmann.
I dag har det vore konkurrert i vertikal i dei franske alpane. Det har vore 7 deltakarar frå Randoneelandslaget – ein deltakar i dameklassen og 6 i herreklassen for seniorar. Erik Kårvatn var også i dag einaste deltakar frå Trollheimen fjellsportklubb og han hamna på 43. plass, medan Trym Dalset Lødøen vart beste norske på 29. plass og Hans-Inge Klette nest beste norske på 33. plass av 95 deltakarar i herreklassen.
Ny dag med nye gevinstar – i dag er det trekt ut 3 gevinstar, der dagens første er ei julestjerne i royalbehandlet furu, med innlagt ledlys. Flott sak for å heng på veggen – heldige vinnarar er Jostein Bruset og Monika Klungerbo som bur på Hjellen.
I dag var det sesongstart for randoneeladslaget seniorar i Courchevel i Frankrike. Den norske landslagstroppa som deltok bestod av 6 seniorar – med Ida Waldal som einaste i dameklassen, medan det var 5 herrer som stillte til start. Lokalt var Erik Kårvatn den einaste som stillte på startstreken frå Trollheimen fjellsportklubb.
Dagens trekning er den første med heile 5 gevinstar. Dagens første gevinst er eit brett med ferske egg – dagens første vinnar er trekt ut med gevinst til Liv Ingrid Husby.
Søndag 15. desember kl 11:00 er det førjulsgudsteneste i Nordvik Forsamlingshus.
Den første av i alt 4 gevinstar som vart trekt ut i dag er eit sett gryteklutar – her er det Nina Heimlund på Melen som vart vinnar.
Todalen saniteetsforening har ein mangeårig tradisjon med utdeling av julegleder til alle sambygdingar over 80 år. Ei blomsterhelsing er alltid artig å få, og i dag var det storstila pakking og førebuinga av utdeling på Matkroken Todalen – utdelinga skjer på dagane før jul.
Torsdag 12. desember er det tre gevinstar på trekningsbordet – deagens første gevinst er ein pose med heimebaka wienerbrød. Dagens første vinnar vart Carina Talgø.
Lort Phillip takker alle som var innom på vår første Julebuffet på Todalshytta, og nå åpner Lorten dørene igjen førstkommende lørdag den 14. desember for vår andre julebuffet. Her vil du finne alt fra Hampshire ribbe, til Lutefisk og pinnekjøtt med mye annet godt.
Einar Talgø er utnevnt til ny konsernsjef i Talgø Invest, og trer inn i rollen fra 1. januar 2025. Einar Talgø har vært en del av selskapet siden 1987 og har gjennom sin karriere hatt sentrale roller og vært en solid bidragsyter til konsernets sterke utvikling, står det i ei pressemelding fra Talgø Invest
Nok ein dag med 3 gevinstar på trekingsbordet – første gevinst ut er ei lue i Mariusmønster. Den går til Lisbet Ørsal Palin i Buvika som her vart trekt ut.