Søndag fortsette WC-eventyret i den spanske skilandsbyen Boí Taüll. På dagens program stod mix-stafett, der Noreg stilste med 2 lag. På førstelaget stilte Ida Waldal og Trym Dalset Lødøen, medan Elise Hjelset Andersen og Erik Kårvatn stilte på andrelaget. I kvalifiseringa vart andrelaget slege ut, så det vart Ida og Trym som fekk representere dei norske fargane.
Allereie ved første veksling var Ida/Trym mesta 8 minutt etter, og differansen berre auka på til neste veksling på over 14 minutt og tredje veksling med mesta 23 minutt. Dei to var ved målgang 29:50,4 etter Sveits som var først i mål. PÅ dei neste plassane kom Spania (+19:5) og Austerrike (+20:9) – tilsaman var det 12 lag som deltok i A-finalen og 12 i B-finalen. Totalt var det 50 lag som var påmeldt til mix-stafetten.
No snur landslaget nasen heimover, og neste konkurranse blir 15.-16. februar når Kårvatn Skimo går av stabelen i Dalalia/Strengen.
Trollheimen fjellsportklubb er medlem i Todalen.no