Bygg reis deg 2019 – tidenes største byggmesse
Bygg Reis Deg 2019 starta i dag kl 10 på Lillestrøm. Sia 1950-talet er dette byggmesse nr 28, og aldri har vel satsinga vore større enn i år. BRD 2019 reknar med over 40.000 besøkande dei 4 dagane messa varer. Av lokale utstillarar så er Talgø på plass med to stander – ein for Talgø MøreTre og ein frå Talgø Bygg og KIAS Døren (Kvanne Industrier) som har fått eit godt fotfeste med sine spesialdører.