Reknar med mange campinggjestar i sommar
Todalen Camping er klare til å ta i mot dei første sommargjestane på den improviserte campingplassen på Bordholmen. Tilbodet er eit samarbeid mellom Todalen Idrettslag og Todalen elveeigarlag. Plassen er først og frmst etablert med tanke på eit tilbod til laksefiskarane i Toåa, men den er også open for andre som vil ha ein plass å sette campingvogna, bubilen eller teltet i sommar, fortel Laila Kvendset som er ansvarleg for den daglege drifta.